Kristian Mateo Norheim.

« Statleg finansiering av omsorgtenester»

MENINGER: Måndag 10.02 vedtok kommunestyret i Karmøy eit fellesforslag frå Karmøylista, FrP, Høgre og SV (MDG også stemte for) som gjekk ut på å undersøka og forhandla med staten om å få Karmøy inn i ei statleg finansiert forsøksordning for eldreomsorga. Eg ser at fleire representantar frå desse partia no er ute i sosiale medier og jublar over vedtaket. 

I Rødt er me noko mindre entusiastiske for dette forslaget og vedtaket. Ein ting er å undersøka kva dette går ut på og korleis det skal gjennomførast. Ein annan ting er å vedta å forhandla med staten om eigne rammer for Karmøy. Dette er eit statleg prøveprosjekt der rammene er lagde for lenge sidan slik at effektane kan målast og samanliknast på tvers av dektakarkommunar. At ein då framstiller det som at Karmøy kommune skal kunna legga føringar på opplegget er lite tillitvekkjande. 

Både fagforbund i helsevesenet og rådmenn i mange andre norske kommunar har lagt fram gode argument mot å delta i eit slikt forsøk. Førebels har ein heller ikkje fått resultat som tyder på at statleg finansiering i denne modellen gjev betre tenester. Me i Rødt ser ikkje dette som eit reelt alternativ for å løysa utfordringane i eldreomsorga på lang sikt. 

Det er litt typisk regjeringa å fyrst underfinansiera kommunar, og så gje dei ein sjanse til å få statleg hjelp der staten vil overta heile styringa. I praksis er denne ordninga berre ei ansvarsfråskriving og ei form for ekstra målstyring av eldreomsorga. Problemet som ein må få orden på er kommuneøkonomien. Rødt ynskjer heller å auka overføringane til kommunane i tråd med dei pålagde oppgåvene. Me vil halda ansvaret for tenestene på offentlege hender, men med heilt andre premiss enn det som er i dag. 

Med Rødt sitt alternative statsbudsjett for 2020 ville dei frie inntektene til Karmøy kommune auka med nærmare 49 millioner kroner. Rødt ynskjer nemleg at avgjerder skal takast der folk bur og at dei lokale politikarane og etatane skal kunne ha ansvar for og fridom til å utforma og drifta tenestene til innbyggjarane i kommunen.

Ein fare ved statleg overtaking av eldreomsorgen er at fagleg skjønn kan bli overkøyrt av instruksar, sjekklister og strenge kriterier frå staten. Slike føringar vil hindra kommunen i å ta individuelle vurderingar og ha sjølvråderett over drifta. Helsedirektoratet vil då kunna få direkte instruksjonsmyndighet over kommunen. Stoppeklokke-omgrepet er allereie eit kjent fenomen i eldreomsorga. Eg er redd for at med resultatkrav og sjekklister frå staten vil ikkje dei ansatte få noko meir tid til å sjå og ta seg av pasientane. 

Å undersøka er greitt, men det skal vera ei veldig god grunngjeving og endring av forutsetningar om Rødt Haugaland skal støtta at Karmøy går inn i eit slikt prøveprosjekt. Rødt ynskjer ikkje å gje opp råderetten over kommunal eldreomsorg og gjera dei eldre og dei tilsette til forsøkskaniner.


Kristian Mateo Norheim
Kjellaug Bjerkli Haarberg 
Rødt Haugaland 

Debatt
Karmøynytt oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.