Dette er et leserinnlegg. Innlegget gir utrykk for skribentens meninger og holdninger. Du kan sende inn leserinnlegg til oss i Karmøynytt her.
Kunnskapsminister Tonje Brenna kjem snart med framlegg til ny opplæringslov til Stortinget. Rogaland SV vil ha ei opplæringslov som sikrar nynorskelevane ein nynorsk kvardag! I dag sit nynorskelevar i klasserommet med skriveprogram som gir dei raude strekar under ord dei skriv rett, appar som ikkje finst på nynorsk og andre verktøy som gjer at lese- og skriveopplæringa deira blir meir mangelfull og langt dårlegare enn den opplæringa jamaldringar som skriv bokmål får. Mangelen på nynorsk i det digitale klasserommet skadar ikkje berre nynorskelevane, men det stikk også kjeppar i hjula for sidemålsundervisninga til bokmålselevane. Læremiddel er i dag omfatta av det såkalla parallellitetskravet om at dei må finnast på både nynorsk og bokmål, til same tid og pris. Når det blir så mange digitale element i tillegg til den trykte læreboka må ny opplæringslov henga med i skulekvardagen. Parallellitetskravet må̊ gjelda for alle digitale og ikkje-digitale læringsressursar og verktøy som er laga for opplæringssiktemål. Skriveprogram som skal brukast i norsk skule må støtta både nynorsk og bokmål utan atterhald. Heile 14 259 av dei 73 117 elevane som har nynorsk i barne- og ungdomsskulen, bur i Rogaland. Elevane våre fortener språkleg rettferd! Ingrid Fiskaa, leiar i Rogaland SV