Ordfører Jarle Nilsen.

«Skriftleg spørsmål frå ordførarane i Årdal, Høyanger, Holmestrand og Karmøy til konsernsjef i Hydro Hilde Merete Aasheim»

Ordførarane ber om å bli informert om Hydro sine strategiske vurderingar innan segmentet valsa produkt.

LESERINNLEGG: Ordførarane vil be konsernsjef Hilde Merete Aasheim om eit møte der konsernsjefen må sei kva konsekvensane kan bli for lokasjonane for valsa produkt i Holmestrand og Karmøy, samt for lokasjonane Årdal og Høyanger, som produsentar av valseblokk.  Ordførarane vil og be om informasjon om det strategiske arbeidet før det eventuelt vert gjort endeleg avgjerd.

Ordførarane visar til ein artikkelen, i E24 datert 15.02.21, der me kan lese  at Hydro no vurderer 5 strategiske grep for å redusera kostnadar og auka inntening. I det høvet kan ordførarane nok ein gong lese om at selskapet vurderer segmentet for valsa produkt. 

Ut frå artikkelen er finansdirektør Pål Kildemo sitert på følgande:

 «Denne gjennomgang pågår fortsatt, vi håper å få fullført det fortere heller enn senere, men vi vil komme tilbake til markedet når vi har de endelige resultatene, om vi eier, selger eller lager et «joint venture»

Etter kva ordførarane forstår vil eit eventuelt sal av denne porteføljen røra ved om lag 1.000 industriarbeidsplassar, og to lønsame valseverk i Norge, Holmestrand og Karmøy.

Ordførarane vil og peike på at eit eventuelt sal vil kunne påverke ein ny eigar sine strategiske innkjøp av aluminium til denne verksemda slik at produksjonen av valseblokk både i Høyanger og Årdal vil kunne bli råka.

I løpet av dei siste åra er det gjort viktige politiske grep og gitt politisk støtte for å legge til rette for at Hydro skal vere ein komplett industriaktør innan aluminium og aluminiums-produkt.  Dette kjem blant anna til utrykk gjennom oppkjøpet av Vale, ordninga kring Co2 kompensasjon, Enova-støtte til piloten på Karmøy, og mogelegheita for industriell utnytting av krafta ved Røldal-Suldal anlegga.

Hydro si strategiske avgjerd i denne saka vil kunne få betydning både direkte og indirekte på eit stort tal industriarbeidsplassar i landet, og avgjerda  kan og få betydning for framtidig aluminiumsproduksjon i Norge.

Ordførarane har laupande og god dialog med Fagforeningene i Norsk Hydro, Fellesforbundet, FLT og  Industri Energi.  Vi har og god dialog med Arbeidarpartiet si Stortingsgruppe, v/Terje Aasland, som også er fraksjonsleiar i næringskomiteen. 

[annonse]
Ordførarane støttar dei tillitsvalde i deira syn på at det ikkje er informert godt nok om årsakene til eit evt. sal av RPBA.

Til liks med fagforeiningane stiller ordførarane spørsmål om eit evt. sal er i samsvar med Hydro sine strategiske planar om å bli «eit grønare selskap» enn kva selskapet er pr. i dag. 

Vil eit evt. sal av RPBA ut av Norge medføre eit tap av goodwill for Hydro ovanfor politiske avgjerdtakarar i regjering og Storting?

To viktige element i Hydro sin nye bærekraftstrategi er at det i større grad skal satsast på resirkulering av aluminium samt produksjon av batteri til bruk i «det grøne skiftet».

Valseanlegget i Holmestrand og fleire av Hydro sine valseanlegg i RPBA er store avtakarar av aluminiumskrap for resirkulering.  Hydro treng denne typen anlegg for i størst muleg grad å kunne resirkulere aluminiumskrap og dermed lukkast med den nye bærekraftagendaen til selskapet. Visjonen om netto nullutslepp av Co2 er ein viktig del av den erklærte strategien.

Ordførarane er og bekymra for at eit evt. sal av RPBA ikkje gjev same mulegheit for eit stabilt avtak av dei produserte valseblokkene frå fleire av Hydro sine primæraluminiums-verk, dvs. eit sal av RPBA kan «truge» produksjonen av primærmetall ved desse verka. 

Hilmar Høl, ordfører Årdal
Elin Weggesrud, ordfører Holmestrand
Jarle Nilsen, ordfører Karmøy
Petter Sortland, ordfører Høyanger

Debatt
Karmøynytt oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.