Kristian Mateo Norheim. Foto: Kristine Stray

«Sei nei til WizzAir!»

Skrevet av Kristian Mateo Norheim
12.10.2020 21:41 - OPPDATERT 20.10.2020 22:27

LESERINNLEGG: Tidlegare denne veka kom nyheita om at WizzAir skal satsa på innlandstrafikk i Norge - mellom Tromsø, Bergen, Trondheim og Oslo. Frå Haugesund Lufthavn har WizzAir alt hatt ruter til Krakow og Gdansk.

I etterkant av denne nyheita har det kome fram at WizzAir ikkje har gode løn- og arbeidstilhøve for dei tilsette. Dette bør vekka stor bekymring ved ei innanlandsetablering i Norge. 

At eit selskap som har drive med fagforeiningsknusing skal få etablera seg i norsk luftfart går på tvers av den norske arbeidslivsmodellen. I Norge er det normalt med trepartssamarbeid, og at arbeidarar skal ha gode løn- og arbeidstilhøve og organisasjonsfridom. Det er våre verktøy for å halda forskjellane mellom folk små her i landet.

Dette er noko alle må tenkja på når ein vurderer om ein skal ta seg ein tur til Gdansk eller Krakow når WizzAir startar opp frå Helganes igjen. Det er jo slik at forbrukarane har makt, og kan senda eit kraftig signal ved å ikkje bruke selskapet. Difor utfordrar eg leiarane på Haugesund Lufthavn Karmøy om å seia kva dei meiner om å la eit slikt selskap driva frå flyplassen. Dei har også høve til å stilla krav til flyselskap som skal flyga på Helganes. 

At eit usosialt selskap skal få etablera seg er ikkje det einaste problemet her. Frå før veit me at om me i Norge skal klara å kutta enda meir av klimautsleppa våre, så må det kuttast i flyreiser mellom dei største byane. Det er allereie alt for mange flyreiser i året på desse strekningene, og at endå eit selskap starter flygingar hjelper oss ikkje i kampen mot klimakrisa. 

Kort oppsummert er bodskapen enkel. Flyg mindre, men skal du først ut og flyga - vel eit flyselskap som tek sosialt ansvar, tillet fagforeningar og har tariffavtalar. 

 
Kristian Mateo Norheim
Leder Rødt Haugaland 

Debatt
Karmøynytt oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.