Kristian Mateo Norheim.

«Rettferdig og solidarisk miljøpolitikk!»

Skrevet av Kristian Mateo Norheim
24.04.2020 12:03

LESERINNLEGG: No for tida blir det naturleg nok snakka mykje om korleis me skal kome oss best mogleg gjennom korona-krisa, og raskast mogleg attende til ein normal kvardag. I denne diskusjonen er det viktig å stilla spørsmålet: kva for kvardag er det eigentleg snakk om? Skal me attende til eit samfunn der me bruker over evne, der ulikskapen veks og naturen blir satt til side for kortsynt profitt? Eller skal me nytta høvet til å starta den grøne omstillinga me treng så sårt? 


Rødt ynskjer ein rettferdig miljøpolitikk. Me jobbar for eit samfunn der me speler på lag med naturen sine tolegrenser, samstundes som me utjamnar den aukande ulikskapen mellom innbyggarane i landet vårt. 


Kapitalismen sitt krav om evig vekst er ikkje mogleg på ein klode med avgrensa ressursar, og manglane i systemet er ekstra tydelege i desse korona-tider. Samstundes står me midt i ei klima- og naturmangfaldskrise. Då kan me ikkje venta på at nokon andre skal starta den grøne omstillinga me treng så sårt.  


Det nyttar ikkje å fjerna bompengane, om kollektivtransporten kostar skjorta for barnefamiliar i byane. Me må ha billegare (på sikt gratis) kollektivtilbod og avgangar som går dit folk bur, ofte nok til at det blir eit reelt alternativ. 


Det er svært dumt å gå inn i EU sitt energibyrå ACER, når me veit at eit sterkt demokrati og nasjonal styring over vasskrafta er naudsynt for å sikra gode rammevilkår for den reinaste prosessindustrien i verda. Me må heller stå saman med fagrørsla og folket, mot overnasjonal styring av norske naturressursar.  


Om me skal unngå omstilling til arbeidsløyse når me går frå eit fossilt til eit fornybart samfunn, då må me ha ei planlagd omstilling til grøne arbeidsplassar i industrien. Me må satsa på kompetente fagmiljø og styrka utdanninga innafor grøn industri.  


Difor ynskjer Rødt å bruka ein del av oljefondet på strategiske investeringar i norsk industri for å sikra teknologisk utvikling, fleire industriarbeidsplassar og meir vidareforedling i Noreg.


Kristian Mateo Norheim
Leiar Rødt Haugaland

Debatt
Karmøynytt oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.