Listekandidatar for Raudt i Karmøy: Bjørn Erik Nordås, Kjellaug Bjerkli Haarberg, Arild Flesjå, Magnhild Johannessen Botten, John Atle Vestvik, Kristian Mateo Norheim, Eva Hildur Hagland. Foto: Kristine Stray

«Raudt - eit reelt alternativ?»

MENINGER: På nasjonale målingar er Raudt i ein tydeleg vekst. I slutten av august runda partiet nasjonalt 9000 medlemer. Og på Haugesunds-Avis si måling, presentert onsdag 28.08, er Raudt inne med eitt mandat i Karmøy kommune! Er Raudt blitt eit reelt alternativ for «den vanlege mannen i gata»? 

Raudt har gått gjennom store endringar, både organisatorisk og politisk. Vanlege folk ser no at Raudt sin politikk levert frå Stortinget - gjennom ein solid partileiar, Bjørnar Moxnes - er god realpolitikk som betyr noko for «folk flest». 

Raudt går til val over heile landet for å kjempa mot Forskjells-Norge. Me ynskjer å hjelpa dei som treng det mest, ikkje prioritera dei som har mykje frå før og vil ha meir. Raudt går til val med ein politikk og ein visjon om å bekjempa klimakrisa. Raudt går til val på å styrka det norske demokratiet og å jobba for at meir makt blir flytta frå politikarar og anna maktelite til arbeidarar og innbyggjarane i lokalsamfunna. 

Raudt er blitt eit tydeleg alternativ til venstre for Arbeiderpartiet. Me er blitt eit parti som står opp for rettane til arbeidarar, som ynskjer auka demokrati i Noreg og mindre overkjøring frå EU/EØS. Me er eit parti som tek rolla som tillitsvalde og ombodsmenn- og kvinner på høgaste alvor. Alle prosessar i kommunen skal vera opne og demokratiske, og personar på begge sider av saker skal bli høyrde og føla at prosessen er rettvis. 

Noko av det som gjer Raudt unike er at me er det einaste partiet som tek til orde for å fjerna kapitalismen. Kapitalisme bygger på ideen om evig økonomisk vekst. Me lever i eit samfunn kor pengeinteresser vinn over omsynet til velferd for menneske og naturen. Dette har kasta verda ut i ein klimakrise. Skal me redda kloden må me endra heile systemet. 

Noko som òg skil oss frå dei andre partia er at me ynskjer å behalde den skulekvardagen som er, samtidig som me ynskjer å fjerne lekser heilt. Me ynskjer ikkje å utvida skuledagen til elevane, noko som til dømes heildagsskulen legg opp til. Ein leksefri skule med gratis skulemat er vårt mål. 

Me meiner at Raudt er blitt eit reelt alternativ i Karmøypolitikken. I år går ein stemme til Raudt til ei styrka venstreside, men òg til ein ung og engasjert ordførarkandidat. Ungdommen treng ei stemme inn i kommunestyret, og Kristian Mateo Norheim vil og kan vera den stemma!