Foto: Arkiv

Poengdeling i rogalandsderbyet

Skrevet av redaksjon
19.08.2015 16:48 - OPPDATERT 19.08.2015 18:48

Cecilie Pedersen sitt mål i førsteomgang blei utlikna av Klepps mål ved Hege Hansen etter ein drøy time spelt.

Kampinformasjon er henta frå tekstoppdateringa til oblad.no.

Det starta jamt innledningsvis på Klepp stadion, men det var Avaldsnes som utover førsteomgangen viste seg å vere det førande laget.

Etter 44 minutar spelt gjekk bortelaget opp i leiinga ved Pedersen. Flott angrepsfotball langs venstre flanke vart avslutta med at Luana slo inn foran mål til Pedersen som trilla ballen kontrollert inn.

Etter 69 minuttar spelt utlikna Hansen etter ein flott kontring. Hansen finta vekk Laila Himle, før ho på halvspretten sendte ballen over målvakt Adrianna Franch og i mål.

Før onsdagens oppgjer var det berre ett poeng – og éin tabellplassering – mellom Klepp og Avaldsnes.

Det er det altså framleis, og Avaldsnes ligg for øyeblikket på andreplass på tabellen, med sju poeng opp til Lillestrøm på 34 poeng.

Les mer om:

Sport