Illustrasjon: Killingtjørnkrysset øst føreløpig per 04.02.2019. Illustrasjon Cowi

«Omkjøringsvegen – planarbeid tar som vanleg tid i Noreg»

Skrevet av Per Thorvik
10.06.2019 22:04

MENINGER: I 2010 skreiv tidlegare samferdselsminister Kjell Opseth (AP) på kronikkplass i Aftenposten saman med sin kollega Matz Sandmann:

«Planlegging av vei— og jernbaneutbygging skal være et hjelpemiddel for å finne de beste løsninger, men systemet er blitt et monster i tidsbruk og utsettelser.»

Leiar i Vegdirektoratet sa i 2011 at det gjekk minimum 8 år frå ein byrja med utkast til veg fram til fyrste spadetak. Jens Stoltenberg påpeikte omlag samstundes dei byråkratiske irrgangane der 9 og 10 år er vanlig plantid.

Soga om omkjøringsvegen er ikkje noko særsyn, han passar heller svært godt inn i mønsteret. Dei som hoverer over at dette tar tid og kostar ein del, dei veit knapt kva land dei er i. Systemet innbyr til omkamper og tidtrøyte.

No har me imidlertid kome så langt at Fylkesmannen ikkje lenger avviser omkjøringsvegen, i staden handlar det om føreslåtte endringar i høve til SVV si anbefaling.

Den nylege Høyringsutsegna frå Fylkesmanne kan delast i to. Det første er «faglige råd», og det andre er ei motsegn (innsigelse).

De faglege råda handlar naturleg nok om enda meir utgreiing om vegen i sør, samt val av vegalternativ 2 i staden for alternativ 1. Men dersom politikarane meiner desse råda er dårlege, kan dei legge dei i skuffen. Dei legg ikkje føringar på kommunen.

Miljøavdelinga hjå Fylkesmannen leverer nokre merknader som får bestemte vegmotstandarar til verkeleg å ta sats, jfr diverse avisinnlegginnlegg Vel, dette handlar etter mi oppfatning mykje om kompetanse på veg. Kor mange vegprosjekt har Fylkesmannen planlagt og bygd?

Det passar på ein måte godt inn i samanhengen at Fylkesmannen fell ned på alternativ 2 som mange ser på som håplaust både praktisk og økonomisk.

Nokre konsekvensar av Alt 2: «I tillegg til at nærmere 200 eiendommer vil bli berørt dersom politikerne velger å gå for dette alternativet, vil de måtte etableres fem lysregulerte gangfelt, og tre rundkjøringer i sør. I tillegg kreves det bygging av gang og sykkelvei, samt fortau på begge sider fra ungdomsskolen på Åkra og østover. « (Karmøynytt 20.03).

SVV på si side har lagt fram eit godt grunnlag for beslutningstakar, ei grundig utgreiing og fornuftig tilråding om Alternativ 1.

Den viktige delen frå Fylkesmannen er uansett motsegna. Den har praktiske konsekvensar i form av mekling og mogleg avgjerd i Kommunaldepartementet. Det er viktig å slå fast at motsegna ikkje er ei avvising av omkjøringsvegen. Det handlar no om sjølve utforminga av vegen. 

 Me les at Fylkesmannen meiner det ligg føre eit pålegg frå KMD om å byggje ein miljøkulvert aust for Heiavatnet, og at SVV ikke har fulgt dette pålegget. Dei er også misnøgde med at SVV ikke har gjort samfunnsøkonomiske vurderingar av prosjektet med kulvert. Dei viser til at departementet i sin gjennomgang av saka «forventer» at SVV vil byggje ein tunnel.

Så kan ein diskutere om dette er er bindande for SVV. Å forvente - er ikkje eit pålegg eller ein ordre, meir eit klart ønske eller tru på at den andre parten ser at det er en god løysning. Dersom det var slik Fylkesmannen seier, kvifor har KMD ikkje uttrykt seg klarare? Dei kunne skrive at miljøomsyn gjer at det må byggjast kulvert. Kulvert er heilt naudsynt osv. Slik som orda står, gir dei rom for tolking. Kommunen og Fylkesmannen får finne ut av det.

SVV har utgreidd tunnel svært grundig slik departementet ønska, med flere alternativ som dei deretter ikkje har funne tilrådelege.. Dei kan gjerne klargjere litt meir kvifor dei ikkje ser den store verdien av tunnel kontra andre tiltak. 

Fylkesmannen vil ha omkjøringsveien vest for Heiavatnet (Alternativ 4) dersom det ikke blir bygd tunnel. Eit kortare og mindre lønesamt alternativ. 

Kommunen kan argumentere mot kulvert-løysninga dersom den har dårleg nytteverdi i forhold til andre tiltak. Eller dei kan gå inn for tunnel og auke kostnaden med 200 mill kr. Eg er trygg på at saka er i fornuftige og fagleg gode hender.

Kulvert redusere den samfunnsøkonomiske nytten av vegen, men med +850 mill i samfunnsøkonomisk overskot, jfr noverande utkast, har dei svært mykje å gå på.

Stavanger Aftenblad hadde ein gjennomgang som viser at motsegner frå Fylkesmenn og andre statlege etatar vert innfridd i mindre enn 20% av sakene. Det kan tyde på at ordninga vert over-utnytta av byråkratar. Dei har ikkje tatt nok omsyn til signala frå regjeringa Solberg om å dempe seg, og i staden får me bortkasta arbeid, unødig tidsbruk og sløsing med ressursar.