Kristian Mateo Norheim.

«Offentleg fattigdom er feila politikk»

Skrevet av Kristian Mateo Norheim
03.02.2020 08:51

LESERINNLEGG: 29.1 skreiv Helge Thorheim eit lesarinnlegg om «offentleg fattigdom». Han grunngav standpunktet sitt om denne offentlege fattigdommen med å gå til angrep på pengar som blir brukt på klimatiltak. Ikkje bare det, men Thorheim nektar òg for at kampen mot klimaendringane er vår viktigaste kamp. 

Eg er einig med Thorheim om at helse og velferd er viktige oppgåver for staten, men eg meiner han bommar kraftig når han meiner klimatiltak er det som gjer staten fattig. Sjølv er Thorheim medlem i eit parti, og har tidlegare vore i eit anna parti, som vernar om velferdsprofitørar som tar pengar ut av det offentlege og inn i eiga lomme. Attpåtil blir store delar av desse pengane sendt ut av landet til skatteparadis. Her er det snakk om enkeltpersonar som byggjer milliardformue på skattepengar som heller burde vore sett av til dømes til eit betre helsevesen. 

Det er heilt rett som Thorheim har skrive at Norge er rikt nok til å kunne liggje framst på helsevesen. Men den offentlege fattigdommen Thorheim skriv om er eit resultat av politikarar og parti som heller prioriterer skattelette for dei rikaste enn å bruka desse pengane på velferd for alle. Med eit kapitalistisk system som set privat profitt over velferd til menneske så er det dømt til å gå slik. Som du påpeiker, Thorheim, er det fleire sektorar som har behov for fornying. Då er det snodig at du og høgresida støtter kapitalistiske prioriteringar.

Eg vil understreka at kampen mot klimaendringar faktisk er vår viktigaste kamp. Klimakampen er ein kamp som ikkje berre handlar om berekraftig utvikling og å ta vare på biologisk mangfald, men òg at det norske folket og alle i verda skal kunna leva gode og trygge liv. Klimakampen er den viktigaste kampen for at folk skal kunna få god velferd og ha god helse gjennom livet. Det er ikkje anten eller, det heng saman.

For å vinne over klimaendringane treng me ein ny politikk. Ein politikk som prioriterer klimakampen samstundes som ein satsar på å auke den offentlege rikdommen slik at heile det norske folket kan få nytte av dei beste helsetilboda i verda. 


Kristian Mateo Norheim, Rødt. 

Debatt
Karmøynytt oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.