Bru Aureivegen føreløpig per 04.02.2019. Illustrasjon Cowi

«Ny Fv47 igjennom heile Karmøy er særs god samfunnsøkonomi!»

Skrevet av Eivind Nordbøe
12.08.2019 08:24 - OPPDATERT 12.08.2019 10:27

MENINGER: Karmøy kommune har i mange år jobba med planar om ein ny FV47 igjennom Karmøy. No er vi nær ein oppstart av 1 etappe. Eit prosjekt som ein veit har hatt mange hensyn å ta i denne kommunen, der enkelte ivrer etter å finne kursen mot neste skjær i havet. Karmøy bestod tidlegare av 7 småkommunar, og politiske saker kan tilsynelatande verka mindre viktig i eine delen av kommunen enn den er for folk i resten av Karmøy. Tenkjer ein etter er sakene med på å gjere heile kommunen attraktiv og skaffe den nye innbyggjarar. Ny FV 47 igjennom heile Karmøy er eit spleiselag, eit prosjekt og ei sak som vil kunne samle heile Karmøy si befolkning på nærast 43000 innbyggjarar. Dette har med næringsliv, busetting, skatteinngang og våre lokalsamfunn å gjere. Karmøy har nå muligheten til å utvikle seg og møte framtida slik resten av kommunane rundt oss gjer og kjem til å gjere dei neste åra. At vi i møte med vår framtid kjem til å være ein del av Rogaland, er særs viktig for oss. Her er god samferdsel og infrastruktur den største brikka for å kunne lukkast. Difor er ny FV 47 frå sør til nord, heilt avgjerande. Dei aller fleste som vil forstå, som vil sjå utfordringane som Karmøy innen få år kjem til å stå ovanfor, ser at dagens vegnett er i ferd med å begrense vår utvikling! No treng ein handling.

I Karmøynytt den 09.08.19 kjem Gunnvar Mikkelsen med sine resonnement, etter mi
meining ei snever analyse, kor han oppsummerer at valet vil være viktig for framtida til omkøyringsvegen. Selvfølgelig skal kvar person med stemmerett i Karmøy vere klar over at utfallet ved kommunevalet vil vere viktig for framtida til Karmøy kommune. Eg har tru på at dei aller fleste som stemmer i vår kommune er glad for at der finnes såkalla JA partier. Partier som vil at Skudeneshavn, Sandve, Ferkingstad, Åkrehamn, Sevland, Vea, Kopervik, Håvik, Avaldsnes, Torvastad og vidare nordover til fastlands-Karmøy skal blomstre. Partier som vil det beste for Karmøy sine innbyggjarar, kommunen si framtid, utvikling og skatteinngang. Muligheten for å kunne bu i Karmøy kommune som ein integrert del av Rogaland. Når Rogfast er klart har vi som Rogalands 3. største kommune ein unik mulighet!

Som Høgremann har eg klokketru på at Karmøybuen ser dette! Det har med framtida vår å gjere. Skatteinngang til kommunen vår som skal drive skule, aldersheimar, legesenter, drift og vedlikehald av våre lokalsamfunn i heile Karmøy. Dette handlar om langsiktige planar. Det gjeld mulighetane for folk i heile vår kommune. Kommande kommunestyre og politikarar har i likhet med nåværande kommunestyre, ansvaret for å leggje til rette for sine innbyggjarar. At valet i haust difor er særs viktig har Mikkelsen rett i.

Som innbyggjar bør ein sjå at politikk handlar om mykje meir enn bompengesak, folk i gule vestar og fuglereir som likevel flytter på seg. Politikk handlar om å leggje til rette for nyetablering og bærekraftige lokalsamfunn, for arbeidsplassar og bustadar. Det er å byggje ein kommune basert på innbyggjarane sine ynskjer om ein triveleg kommune å bu i der ein unngår å stå i stampe om 10 år! Karmøy sine politiske partier har det siste året tona sine syn i saka om ny FV47. Eg vil anbefale veljarar til å lese Karmøy Høgre sitt program.

Valhelsing, Eivind Nordbø