Bjørg Mannes, medlem i Bærum Høyre, tidlegare Karmøy Høyre. Foto: Privat
Leserinnlegg:

Nokre tankar fra sidelinja om veg og meiningar om veg


Dette er et leserinnlegg. Innlegget gir utrykk for skribentens meninger og holdninger. Du kan sende inn leserinnlegg til oss i Karmøynytt her.

Noko ein kan lure på, med litt hjelp av humor: 

(Ein av mine lærarar i psykologistudiet i Bergen i si tid, professor i psykosomatisk medisin Sven Svebak, definerte humor som evne til å betrakte ein situasjon, også seg sjølv, utanfrå. Dette er bakteppet for fylgjande tekst): 

Korleis kunne karmøybuen klare seg før ein hyperaktiv filosof og ditto biolog kom på banen ? Korleis klarte tidlegare lokale folkevalgte i 7 kommuner, frå 1965 ein samla kommune, å styre ressursene og aktivitetene til folkets beste utan desse to ?
Kor fant karmøybuen kunnskap, før desse to kloke blei født og fekk talens og PC-ens bruk ?

Gudskjelov at dei to allvitande ikkje fanst i verden då snurpenota kom til landet og raska med seg dei hjelpelause sildekroppane. Eller då penicillinet kom og tok livet av dei stakkars bakteriene. For ikkje å snakka om då glødelampen blei oppfunnen og tok livet av det naturgitte mørket. 

Og takk og lov for at dei ikkje var født eller ferdige i barnehagen då dåverande Kong Olav åpna flyplassen på Helganes i 1975, tenke seg til all styggedommen den flyplassen førte med seg, både i anleggsperioden og etter at at flya begynte å ta av og å landa der.  

Det er både eit under og eit mysterium at det gjekk så vel som det gjorde, utan desse to!

Bjørg Mannes,
Karmøybu i oppvekst og hjerte, nå busett i Bærum kommune og medlem i Bærum Høyre