Dette er et leserinnlegg. Innlegget gir utrykk for skribentens meninger og holdninger. Du kan sende inn leserinnlegg til oss i Karmøynytt her.
Tapet av naturmangfald truar heile livsgrunnlaget vårt. Naturen gir oss mat, klede, medisinar, byggjemateriale og opplevingar. Me mistar naturen rundt oss bit for bit. Eit hyttefelt, ein motorveg og eit bustadfelt om gongen. Dei naturområda som er så utruleg viktige for dyrelivet og oss sjølv er på veg til å gå tapt. Dei siste femti åra har dyrebestandane i verda stupt med 69 prosent. Meir enn ein million artar står i fare for å døy ut i løpet av ti år. Også her i landet har fleire tusen artar hamna på raudlista, som betyr at det er ein risiko for at dei kan utryddast frå Noreg. Mange naturtypar er i fare, og med det leveområda til plantar og dyr. Balansen i naturen blir øydelagd. Biene og blomstrane kjenner me òg til: ifølgje FNs naturpanel risikerer me å mista tre firedelar av matvarene våre dersom me ikkje tek vare på pollinerande insekt. I desember i fjor signerte Noreg FNs naturavtale, som forpliktar oss til å stansa naturtapet innan 2030 og starta arbeidet med å restaurera øydelagd natur. Verda har anerkjent at naturkrisa er akutt, og at det trengst store tiltak for å snu utviklinga. Arbeidet med å følgja opp naturavtalen med meir vern og restaurering av øydelagd natur må setjast i gang. Alle naturinngrep skjer i ein kommune. Det er kommunen som regulerer areal til nye bustader, næringsområde og hyttefelt. Karmøy kommune har eit ansvar for å ta vare på naturen, og me må bidra til å snu utviklinga gjennom god lokal forvaltning av areala våre. I Karmøy er det stort press på matjord, jordbruksland og leveområde for trua arter. Det er avgjerande at alt dette vernast frå nedbygging. Karmøy SV vil ta vare på naturen, både gjennom vern, fornuftig bruk og restaurering av øydelagd natur. Me må endra måten me forvaltar areala våre på i Karmøy kommune. Arealrekneskap og arealbudsjett kan vera gode reiskapar for å avgrensa nedbygging. Me må sikra at det finst god og systematisert kunnskap om sårbar og verdifull natur i kommunen vår, og at denne kunnskapen blir teke omsyn til når kommunen planlegg arealbruken. Me har ei naturkrise, og det hastar å snu utviklinga. Me må vera med på snuoperasjonen også her i Karmøy. Det har noko å seia kva du stemmer. La valet i haust bli valet til naturen. Hein Berdinesen, 2. kandidat for Karmøy SV ved komande val