Kristian Mateo Norheim.

«Motivasjon og meistring er noko me alle burde ta alvorleg»

Skrevet av Kristian Mateo Norheim
13.11.2019 08:53 - OPPDATERT 13.11.2019 09:56

LESERINNLEGG: Måndag 11. november hadde formannskapet i Karmøy kommune oppe ein sak om den årlege «kvalitets- og utviklingsmeldingen for Karmøyskolen». Saken skulle bare «tas til orientering» og eg går ut i frå at denne meldinga da blir tatt opp i neste kommunestyremøte. Eg utfordrar våre kommunestyrepolitikarar til å få ein god diskusjon rundt dette dokumentet både før, under og etter kommunestyremøte. 

I meldingen blir det tatt opp fleire ting som alle politikarar, foreldre/føresette og elevar burde få med seg. Noko av det mest spanande som blir tatt opp i meldinga er den fortsatt låge skåren elevar i Karmøy kommune har på motivasjon og meistring. Desse tala kjem frå elevundersøkingar gjort på 7. trinn og 10. trinn. Det eg og mange andre bør vera bekymra for er korleis motivasjonen minskar jo lengre ut i skuleløpet elevane kjem. Tala frå undersøkinga på 10. trinn viser at elevane i Karmøy skårar under gjennomsnittet på landsbasis. Dette er også forska på og fleire rapportar viser at dette gjeld generelt, men eg tenkjer det ikkje er positivt at Karmøy ligg under gjennomsnittet. 

Kommunen seier dei vil fylgje med på dette, og viser heldigvis at ein tar det seriøst. Det har i år blitt gjennomført tiltak for å auke motivasjonen hjå elevar. I tiltaksplanen står det at det skal kome ein skriftleg, oppsummerende evaluering av arbeidet i oktober/november 2019. Mitt spørsmål til politikarane er om denne evalueringen blir gjort tilgjengeleg og open for innsyn? November månad har kome og difor spør eg også om den snart er klar? 

Nettopp dette med motivasjon og meistring er noko me alle burde ta alvorleg. I vårt program for 2019-2023 skreiv me i Raudt at me ynska å innføra leksefri skule i Karmøy og ha prøveprosjekt med karakterfri skule. Kvifor ville me eigentleg dette? 

I denne kvalitets- og utviklingsmeldinga blir det vist til forskning som er gjort på kvifor motivasjonen hjå elevane søkk jo lengre ut i skuleløpet dei kjem. Denne forskninga seier at årsaker til den låge motivasjonen kan vera at elevar på ungdomstrinnet har ein tendens til å samanlikne seg med andre og opplever at dei gjer det dårlegare enn andre. Denne faktoren blir også forsterka av at elevane jamnleg får informasjon om korleis dei gjer det i form av karakterar. Ein anna faktor som blir nemnt er korleis høgt bruk av faglærarar kan føre til ein dårlegare/mindre relasjon mellom lærar og elev, og difor også føre til mindre emosjonell støtte i periodar kor elevane verkeleg trengjer det. 

I meldinga kjem det også fram at det i tiltaksplanen for motivasjon og meistring skal bli gjort ein vurdering av praksis rundt lekser i skulen. Dette er positivt og eg er spent på å lese korleis vurderinga av denne praksisen er. 

Dette er viktige faktorar å ta med seg og diskutere. I Raudt er me tydelege på at me meiner karakterar tar fokus bort frå læringa. Karakterar funker bra for dei som er flinke på skulen, men kan gjera det endå vanskelegare for dei som slit. Det er på tide å tenkje nytt rundt karakterane. Difor utfordrar eg politikarane i Karmøy til ein diskusjon rundt dette - og tørr nokon av partia å fremja eit forslag om forsøk med karakterfri skule i Karmøy? Og kva tenkjer eigentleg politikarane i kommunestyre om leksefri skule med all den forskninga som no er gjort på dette området? Er det aktuelt for eit parti i kommunestyre å foreslå leksefri skule i Karmøy? 

Tar dykk utfordringa SV, AP, SP, MDG, V, H, KrF, FrP og Karmøylista?