Leserinnlegg:

La seksåringane gå i barnehagen


Dette er et leserinnlegg. Innlegget gir utrykk for skribentens meninger og holdninger. Du kan sende inn leserinnlegg til oss i Karmøynytt her.

Då seksåringane begynte på skulen for 25 år sidan, skulle det vera ein kvardag med leik og læring. Fram til i dag har utviklinga vore at skulekvardagen til seksåringane har blitt meir «skulsk» og det er forventa at dei skal kunne lesa til jul. Dette kan verka flott, men barna mistar også mykje på vegen, som tid til leik og spontanitet. 

Leik er ein viktig del av barns psykiske utvikling, livskvalitet og evne til å forstå verda. I dag er skulekvardagen deira prega av lange arbeidsøkter, og mindre leik som barna tar initiativ til sjølv. Fleire skular kan også melda om auka åtferdsproblem. Fleire barn hadde vore meir klar for skule ved å venta eit ekstra år.

Skulevegring er eit aukande problem. Ifølgje forskarane Karin Hognestad og Inger Helene Hognestad mistar barna dei psykiske føresetnadene sine til å meistra skulelivet når dei startar på skulen allereie som seksåringar.

Evalueringsrapporten som blei langt fram i desember viser at seksårsreforma ikkje har hatt den effekten som var ønska. Elevane har ikkje lært meir ved å gå eit ekstra på skule, men me ser ein auke i mange sosiale og psykiske problem etter reforma frå 1997. 

I store delar av landet ser me i dag nedgang i befolkningsveksten. Rogaland SV ser dette som ei unik moglegheit til å få seksåringane tilbake i barnehagen.

Ingrid Fiskaa,

leiar i Rogaland SV