«Kva betyr SVs rettferdige grøne skifte i Rogaland?»

Dette er et leserinnlegg. Innlegget gir utrykk for skribentens meninger og holdninger. Du kan sende inn leserinnlegg til oss i Karmøynytt her.

MENINGER: Demokratisk kontroll med krafta har lenge vore ein føresetnad for norsk industribygging – også i Rogaland. Når olja avtar, må den dyrebare krafta vår forvaltast med desto meir industriell kløkt. Høgresida sin kraftpolitikk er derimot på villspor, med industri og natur som taparar.
 
Regjeringa legg stadig nye kraftkablar til utlandet, og avgir samtidig kontrollen med dei til ACER. Ein frisleppt, marknadsstyrt kraftbransje får selja stadig meir vasskraft både til EU-marknaden og til oljeselskapa. Resultatet er stigande kraftprisar, til fare for industrien. 
 
Samtidig blir Tysvær, Bjerkreim og Dalane teppelagt med utanlandskeigde og ofte skatteparadisregistrerte vindturbinanlegg. Jærens rike matjord blir ofra til fordel for unyttige, kraftslukande datasenter. Mot ein slik gråblå politikk, trengst SVs raude og grøne skifte.
 
SV vil sikra prosessindustrien på Karmøy og i Sauda, og oppretthalda eit kraftoverskot. Skal norsk sokkel elektrifiserast, må det skje med havvind nær oljefelta. SV vil dessutan trappa opp den svake innsatsen på energieffektivisering, den best tilgjengelege ”nye” krafta.
 
Ifølge det internasjonale energibyrået IEA inneber Paris-måla stopp i nye oljefelt. SV sin plan om eit rettferdig grønt skifte tar høgde for det. Me går inn for ei forsvarleg og føreseieleg utfasing av oljeleitinga, i takt med at tildelte lisensar går ut. Oppsida er at tilgjengelege ressursar til ny, framtidsretta industribygging blir desto større.
 
Berekraftig prioritering må samtidig innebera å ivareta arbeidsfolk og vidareutvikla den høge kompetansen me har i Rogaland. Tilsette på boreriggar skal ikkje over på NAV, dei skal få etterløn og nødvendig omskulering til nye oppgåver – dei aller fleste knytt til norsk sokkel.
 
Leverandørindustrien på Buøy, Risøy og Eigerøy skal framleis vera ein del av den industrielle berebjelken i fylket. Nye spennande oppdrag står i kø: karbonfangst- og lagring, flytande havvind, grøn skipsfart, blå hydrogen, anlegg for havoppdrett med meir. Dessutan vil olja framleis bety sysselsetting, aktivitet og inntekter i fleire tiår.
 
Noreg har blant verdas beste føresetnader for å klara ein slik overgang. Samspelet mellom naturressursane, leverandørleddet og dei maritime miljøa skal framleis danna grunnlaget for ein verdsleiande industri – også når olja sin del etter kvart krympar.
 
Men utan aktiv tilrettelegging og nødvendige statlege investeringar, risikerer me å gå frå ei klimakrise til ei industrikrise. Å unngå det, krev ein heilt annan innsats enn me ser frå regjeringa. Den innsatsen vil SV setta inn. Me har eigentleg ikkje noko anna val. 
 
Godt val!
 
Ingrid Fiskaa, 1. kandidat SV 
Odd Magne Hansen, gruppeleiar Karmøy SV
Monika Kvilhaugsvik, lokallagsleiar Karmøy SV