Kristian Mateo Norheim, 1. kandidat for Rødt på Karmøy. Foto: Kristine Stray

«Krisetid krev handling!»

Skrevet av Kristian Mateo Norheim
16.07.2019 22:32 - OPPDATERT 17.07.2019 18:02

LESERINNLEGG: Før helga skreiv Yngve Eriksen frå KrF på Karmøy eit lesarinnlegg til Haugesunds-Avis med overskrifta «krisetid!!». Eriksen skriv om miljørørsla og fanatismen deira, som skremmer barn til å tru at verda skal gå under i nærmaste framtid, før han går laus på eit forslag om at Karmøy skal erklære klimakrise. Heile innlegget kjem Eriksen med argumenter som verkeleg er snudd på hovudet, åpenbart med formål å latterleggjera miljørørsla. Argumentasjon som seier at all landbruk må leggjast ned, flyplassen og cruiseskip må forbys og ikkje minst må du ha dårleg samvit for å grille på sommaren! 

Eg klarar ikkje la dette stå uimotsagt. Eriksen viser her konservative haldningar  av ein type som verkeleg er farleg for klimaet på kloden, og verkar å stå fram som klimafornektar. Han ser òg ut til å vera veldig uroleg på vegne av alle barn som er redd for klimakrisa. Eg meiner det er veldig trist at born skal kjenne på redsle for at verda skal gå under, og å skremma dei er ikkje intensjonen min som «klimafanatikar». Men eg ser det likevel annleis enn Eriksen.

For eg trur ikkje alle desse borna hadde blitt så redde om dei hadde sett vaksne politikarar med handlekraft. Det er diverre ikkje rart at ein blir redd når ein høyrer om ei krise ingen er villige til å gjera noko med! 

Eriksens innlegg er som å spytte på dei 40 000 ungdommane som streika for klima, og som vil fortsetje å streike! Allereie 30. august er det planlagt ein ny skulestreik - og det er tydelegvis nødvendig. 

Så må eg altså understreka at å gjera nødvendige tiltak for klima ikkje er det same som å forby alt av fly, cruise og grilling på sommaren. Tiltak for klima på eit politisk nivå er å starte ein grøn omstilling i industrien, slutte å leite etter meir olje, leggje til rette for betre kollektivtransport, ta vare på det biologiske mangfaldet og desentralisere landbruket (Eller er du, Eriksen, einig med Hagland og Karmøylista at å vera bonde er for så spesielt interesserte at det berre kan leggjast ned?). Så er det sjølvsagt mogeleg og nødvendig med personlege tiltak for klima, som å ta buss eller tog når mogleg, ete mindre kjøtt og hindre matsvinn. 

Vidare skriv Eriksen om noko alle burde vera urolege for, nemleg at det i store delar av verda er eit mangel på demokrati, ytringsfridom og menneskerettar. Eg er heilt einig med Eriksen i at dette er noko ein må ta på alvor! Difor er eg glad eg er med i eit parti som verkeleg har solidaritet som ein hovudsak. Me lever i ei verda kor store delar av befolkningen blir undertrykt av kapitalistisk konkurranse, klimaendringar og krig. Kapitalismen samlar pengar og makt på få hender, og dei gjev ikkje frå seg denne makta frivillig. 

Eg vil alltid jobbe for eit auka demokrati for alle - det er klassekamp. Kapitalistar mot folk flest. Eg kjempar for arbeidarane og deira rettar. Eg kjempar for fred og står difor i solidaritet med folk som blir undertrykte td. i Palestina, Vest-Sahara og Kurdistan. Kvinner blir og undertrykte, ja til og med i Norge. Difor er eg også feminist og opptatt av kvinnekamp, fordi kvinnekamp er klassekamp. 

Eriksen er uroa fordi det blir færre og færre land i verda som er demokratiske. Og eg er einig. Difor må sosialismen tas i bruk, folk flest må seie nei til kapitalismen. For kapitalismen er problemet, den er udemokratisk og har sendt verda ut i ei klimakrise. Ei klimakrise Eriksen ikkje verkar å ta på alvor.

Viss KrF på Karmøy deler denne haldninga til Eriksen vil eg råde frå å stemme KrF. Og eg vil be Arbeiderpartiet om å sjå til venstre etter valet og unngå samarbeid med klimafornektarar. Vil ein verkeleg ta eit oppgjer med kapitalismen, klimaendringar og all den urettferd som skjer lokalt og globalt, så må ein stemme for ein sterk fellesskap som er klar for handling for ei krisefri framtid. Det handlar om å velja side. Stem Rødt - fordi fellesskap fungerer! 

Skrive av Kristian Mateo Norheim, 1. kandidat for Rødt Karmøy.