Kristian Mateo Norheim, 1. kandidat for Rødt på Karmøy. Foto: Kristine Stray Kristian Mateo Norheim. Foto: Privat.

«Klimabløffen på Karmøy»

Skrevet av Kristian Mateo Norheim
05.10.2019 17:59

MENINGER: Tidlegare denne veka valde posisjonen i Karmøy å offentleggjera samarbeidsavtala si. Det er vel og bra, og offentleggjering var eit av måla då eg tok opp avtala under eit intervju med TV Haugaland. Men det eg eigentleg ynskte å setja fokus på i det intervjuet var eit anna tema, som har forsvunne i debatten etter valet. 

Kva planar har dei styrande partia i Karmøy for klima- og miljøarbeidet i kommunen? Det er det store spørsmålet for meg, og for mange veljarar -  fordi klimakrisa er ikkje på veg, den er komen! 

Då posisjonen la fram hovudpunkta i avtala på pressekonferansen 23.9. var det som blei presentert særs tynt. Eg hadde håpa på fleire konkrete klima- og miljøtiltak i den skriftlege avtala. Slik blei det diverre ikkje. Heile avtalen, men spesielt klima- og miljødelen ser ut som ein konkurranse i å skrive mest mogleg fine ord utan å få fram konkrete politiske tiltak. Eit lyspunkt som kom på pressekonferansen var at kommunen ikkje skal byggje på dyrka mark. Diverre var dette kun halve sanninga, for i den skriftlege avtala står det at det skal kunna bli bygd på dyrka mark i saker om samferdsle. Heilt til slutt i avtalen, under «samfunnsplanlegging og miljø», står det eit kort avsnitt om at partia vil fylgje opp målsettingane frå den vedtekne miljø- og klimaplanen med spesielt fokus på miljøvennlige løysingar.  Det er kort og lite konkret. 

For dei som har lese miljø- og klimaplanen til kommunen, eller «kommunedelplan for klima- og energi» som han faktisk heiter, så veit ein at det som står der er vagt og heilt utilstrekkeleg i ei avgjerande tid for å redda naturen og klimaet vårt. 

Eg hadde håpa at Venstre, som «miljøpartiet», skulle få gjennom fleire konkrete og betre løysingar, men her har dei svikta. At Venstre aksepterer ein slik avtale på klima og miljø er ikkje til å tru. Makt er tydelegvis viktigare enn politikk. Ingen av dei andre partia verkar heller å ta klima, miljø og natur på stort alvor i denne avtalen. Det er synd etter at det i valkampen blei snakka om mange gode løysingar og tiltak. Eg meiner òg det er ein skandale at FrP - det einaste partiet som ikkje hadde skrive noko om klima- og miljø i partiprogrammet sitt før valet - får leiaren i utvalet «teknisk og miljø»,  det utvalet som har størst innvirkning på klima- og miljø i kommunen.

Avtalen posisjonen har lagt fram er ein klimabløff! Det er merkeleg og sterkt kritikkverdig at styringspartia ikkje har konkrete tiltak dei sjølv vil innføra. 

Karmøy går i ein retning, men ikkje i ein grønare retning. No må alle klimaforkjemparar i Karmøy kommune stå opp, vise seg og sei at dette ikkje held mål! Eg og Raudt kjem til å seie tydeleg i frå - for me treng handling no! 

Mateo Norheim, Rødt Haugaland.