Leserinnlegg:

Kin kan me lita på ?


Dette er et leserinnlegg. Innlegget gir utrykk for skribentens meninger og holdninger. Du kan sende inn leserinnlegg til oss i Karmøynytt her.

 

MENINGER: Det var lite partipolitikk  i min oppvekst i 2. og 3. etasje, over den assorterte landhandelen på Åkra.

Det var desto meir av andre ting. Det var kunder etter stengetid (som eg ekspederte hvis foreldra mine var ute), det var begravelsesbyrå (der telefonen kunne ringe også på nattetid og foreldra våre kjørte avgårde og la folk i kista), det var barnefødslar på klinikken til jordmor Aslaug Tveit i nabolaget, der me jentene heldt vakt når jordmora var i veninneklubben med mødrene våre, der me gav sukkervatn til dei nyfødte som ennå ikkje var utskrivne, og der me gav beskjed til jordmora når det kom ei kvinne som skulle føde. Det var omreisande agentar i kolonial, glasvarer og spøtegarn. Særleg viktig for oss barna var Jaarvik Is som kom frå Jæren  tett opp til 17. mai, og viktig for dei vaksne var Peder P. Nesheim med den beste kaffien, og ikkje å forgløyma brød, heitevegg og syltekaker frå Haugen.

Det var gleder og sorger, leik og plikter, jenteforening hos Signe Hauge, speidaren og barnepass, og skule og lekser. Og bading på Sandane, frå mars og langt utover seinsommaren/tidleghausten, med Strandkafeen nass Tilly i høgsesongen, med utandørs høgtalerar som sende Hank Williams-musikken frå juke-boxen utover halve bygda.

Det var pappen som reiste til Amerika fleire gonger, på skaloppen, og tjente gode penger, bl.a. til ny varebil til butikken, og kom him med Spearmint tyggis og amerikakjolar. Svære greier ! Med pappe/husfar i Amerika kom det godt med at mor i huset hadde vakse opp som neste eldst og eldste jenta av 9 søsken, der 7 av dei var gutar, så ho hadde ansvar og organisering som ein del av blodomløpet. Dette kom både familien og bygda til gode. Det var naturleg for henne vera med i lagsarbeid av ymse slag, både kyrkjeleg og meir verdsleg. Damene på Åkra dreiv med samhandling !  På det viset fekk dei til det utrulege. Etter lang tids bekymring for gutane som dreiv med heimelaga kano i sjøen, blei kanoane samla inn og brukt som skjørt på ei svær bålkåne på Hellesklobben på St Hans, den brant lysteleg til alle mammene sin lettelse og  gutane si sorg.  - Mennene var stort sett vekke på fiske og sjøfart, og tjente til livets opphold for familiane sine. 

Av og til, når det var særs viktige ting på gong i naboskap, foreningsliv eller slekt, og mange idear og stemmer surra rundt, kunne eg høyre mor mi seia, med klar og myndig røyst: «Men kin kan me lita på ?» Det var DET som var spørsmålet, ikkje om ei løysing var kommunal eller statleg eller privat. Slikt hadde ein ikkje tid og overskudd til henge seg opp i. Poenget var å finne løysingar, og å gjennomføra dei, til alles beste. 

Dette spørsmålet frå mor mi dukka mange gonger opp i hodet mitt då eg, særleg i perioden 2015-2019 sat som «veggpryd» (sitat min venn og tidlegare partikollega Kenneth Halleland) til møtene i Hovedutvalg helse omsorg i Karmøy, og når eg fylgde kommunestyremøtene på nettet.

I desse møtene blei det tatt opp viktige ting for innbygjerane, det var barnevern, rusomsorg, eldreomsorg og omsorgen for ungdom, med mykje meir. Sjølv var/er eg som mangeårig helsearbeidar særleg opptatt av to periodar i livet med særlege helseutfordringar, nemlig overgangen barn- vaksen, og alderdom. Eg hadde fått med meg at det alt i 1997 var blitt oppretta ein helsestasjon for ungdom i Kopervik, med dekning både av helsesøster, lege og psykolog, og at denne var godt besøkt. Ein del år seinare var det så blittt oppretta «satelittar» på Norheim og på Åkra, men fremdeles  var Kopervik den mest innarbeidde/besøkte. Det viste seg dessutan at psykolog- og legedekningen på satelittane ikkje var så god som den var/hadde vore på Kopervik-stasjonen. Og så skulle kommunen spare, eller kva det nå var som var grunnen. Det blei også sagt at ein skulle legge ned den eine  for å styrke dei to andre, utan at det høyrdest særleg overbevisande ut. På møtet i utvalget 6. juni 2017 var det i alle fall eit tema å leggje ned helsestasjonen for ungdom i Kopervik. Då opplevde eg noko som eg aldri ville ha trudd på forhånd. Der blei den helsestasjonen vedtatt lagt ned. Dei som stemte og argumenterte for dette, var den politiske posisjonen. Sosialdemokratane. Opposisjonen argumenterte bl.a. med at helsestasjonane måtte vera lett tilgjengelige for ungdommane i den langstrakte kommunen, at ein heller burde utvide tilbudet, at den i Kopervik i tillegg tjente nesten 100 ungdommar som kom nye til kommunen kvart år til ein folkehøgskule like ved. Til dette svarte ein frå posisjonen at ungdommane er jo så mobile nå for tida (!) Dette blei sagt av ein person som er godt kjent med geografien i kommunen.

Seks år seinare, i ordførarkandidat-duellen på Solstein, blei posisjonsleiaren spurt om denne nedlegginga. Han svara då at det var utvalget som hadde lagt ned helsetasjonen. Han sa ingenting om at det var hans eigne partifeller i utvalget som sørgde for nedlegginga. Eg fulgte Solstein-debatten på skjermen, og då eg høyrde svaret hans, tenkte eg på uttrykket til mor mi:  Kven kan me lita på ?
Dei som på det nevnte møtet  i helse omsorg i 2017 argumenterte for å behalda dei tre helsestasjonane, hadde kunnskap og framsyn nok til å sjå behovet, både der og då, og framover. Utviklinga i åra etterpå har bekrefta det dei såg. Nå snakker «alle» om forebygging og tidleg innsats. Det ser ut som om mange måtte få elendigheten i fanget, før dei forstod  alvoret.

Same helsepolitikaren som kjempa for å bevare dei tre helsestasjonane tok i 2013 opp temaet demensteam/hukommelsesteam, eit tilbud som var etterlyst frå fleire hold. «Alle» hadde høyrt om den såkalte eldrebølga, men ikkje alle forstod, eller ville forstå, kva denne innebar. Den aktuelle helsepolitikaren møtte lite støtte både i administrasjonen, der ho kun møtte taushet, og i det aktuelle utvalget. Då ho etterlyste reaksjon frå administrasjonen blei ho informert om at ein der arbeidde med saken, noko som dessverre viste seg ikkje å stemme. På budsjettmøtet i desember 2015 (!) gjekk ho fram på talarstolen og sa  at ho til jul ynskte seg eit hukommelsesteam. Dette julegaveynskjet virka å komme gjennom lydmuren, og i 2016 blei dette ynskjet vedtatt politisk. Det krevdes altså langvarig og møysommeleg innsats innsats frå opposisjonen for å få vedtatt eit tilbud som for lengst var på plass i andre kommuner på Haugalandet.

Det var ikkje all verdens budsjett som blei lagt til dette teamet, men det var likevel ein viktig start. Utruleg nok «klarte» posisjonen likevel å halvere dette vesle budsjettet i 2020, istf å auke det og trygge både dei som arbeidde der, pasientane og dei pårørande. Og ikkje minst fastlegane, som naturleg nok hadde helsa hukommelsesteamet svært velkommen i sin travle kvardag.  Seinare har budsjettet blitt litt auka, men aktfor lite ift behovet. 

Den dyktige helsepolitikeren det er snakk om her, er ikke lenger medlem i det partiet ho i  2011-2019 representerte i Hovedutvalg helse omsorg, dei fire siste av åra saman med ein dyktig partikollega som heller ikkje er medlem i partiet lenger. Dei er begge nå medlemmer i eit anna parti som har kunnskapsbasert helsepolitikk høgt oppe på dagsorden. 

Når ein i dei to foregåande valgperiodane ikkje kunne lita på at det lokale sosialdemokratiet forsvarte avgjerande viktig helsetilbud til mennesker i to av dei mest sårbare aldersgruppene, kva skal ein då kunne lita på ?
Kva blir betydningen av ordet tillitsvalgt då ?

For meg koker det ned til dette:
Når eg skal peike ut noen til å ta viktige samfunnsavgjørelser på mine vegne, slik demokratiet/folkevalgtsystemet inneber, må eg kunne stole på at dessse
-Opptrer i tråd med dei verdiene vedkomande har forfekta gjennom det politiske programmet/valgkampen
-Set seg inn i sakene det gjeld
-Evner å tenkje framover meir enn ei veke om gongen
-Uansett er meir opptatt av meg og andre innbyggjarar enn av det kommunale byråkratiet 

Kort sagt er spørsmålet for meg:  
Kin kan eg lita på ?