Omkjøringsveien, Ådland-perspektiv. Illustrasjon: Statens Vegvesen

«Karmøy si framtid. Ny FV47 frå sør til nord»

Skrevet av Eivind Nordbø
19.01.2019 06:00 - OPPDATERT 18.02.2020 20:12

MENINGERDet siste året har debatten i befolkninga om den såkalla `omkjøringsvegen` ved Åkrehamn eskalert. Eg har klart tona mitt flagg, og er for denne vegen. Å byggje 1. etappe frå Ådland til Brekke og så byggje 2. etappe heilt fram til Helganesvegen E134, er framtidsretta politikk. Dette fordi det er viktig å ta vare på Karmøy sine moglegheitar, våre innbyggjarar. Det er viktig at Karmøy rustar seg for framtida, for å halde innbyggjartalet stabilt og å leggje til rette for ei auking. Slik trekk me til oss bedrifter og nye arbeidsplasser. Karmøy skal fortsatt vere flaggskipet på Haugalandet. Me går mot ei ny tid. Det er særs viktig at Karmøy heng med i denne utviklinga. Rogfast kjem, nye tunellar over Haukeli kjem, ny veg nord i Haugesund kjem, Skjold er ferdig, Aksdal er i rivande utvikling og det er no Karmøy sin tur til å byggje sine trafikkorridorar for framtida. Haugalandet er saman ein indrefilet mellom Bergen og Stavanger. Slik blir me ein del av denne utviklinga. Karmøy er som største eigar av industriområdet på Gismarvik og aukande aktivitet på Husøy, ein motor i regionen vår. Frå sør til nord finnes bedrifter i utvikling. Eksisterande vegnett er i ferd med å strupe utviklinga, me treng eit nytt transportnettverk. Me blir nøydd til å delfinansiere dette med eigne bompengar, men denne kamelen må me svelge. Karmøybuen har alltid vore med på spleiselaget, og me skal nå få vår del av kaka. Me byggjer for framtida. No er det viktig å stå samla saman for vår kommune si utvikling.
Eg har av motstandarar fått høyre at eg har busett meg og familien for langt borte frå arbeid. Vel, det er vel relativt etter kva ein ynskjer å arbeide med? Kongstanken med Rogfast er å knytte saman Rogaland til eit bu og arbeidsmarknad. At eg kom heim etter å ha solgt på Storhaug, og at familien satsar på Karmøy, har med ekte patriotisme å gjere. For å bidra med skatten sin i kommunen som sjela ligg nærast. Eg trur at fleire frå sørfylket kunne tenkje seg å gjere det same, dersom reisetida kjem` innanfor`. Min intensjon er at Karmøy får ta del i denne utviklinga. Til det treng me eit framtidsretta vegnett, ny FV 47 over Karmøy. Som sagt tidlegare: Det hjelper ikkje at Karmøy gjer som strutsen, stikk hovudet i sanden. Våre barn må få sjansen til høgare utdanning, og å kunne bu i Karmøy om dei ynskjer det.

Difor skuffar Karmøy FRP som snur i denne saka. Skikkelege vegar har alltid vore ei FRP sak. At ein nyttar dette krumspringet og skulder eit nei til ny veg over Karmøy på at ein er imot bompengar er synd. Om dette er eit forsøk på å skaffe seg større politisk oppsluttnad, er det etter mi meining å føre tradisjonelle FRP veljarar bak lyset. At Endresen gjer seg slike kalde berekningar får stå for hans rekning. Eg vonar og trur at dette vil bli gjennomskua av potensielle veljarar før valet! Vil minne Karmøy si befolkning på at det ikkje berre var Einar som var med i kommunestyret den gongen. Mange som også er politikarar i dag var tilstades. At partiet tilsynelatande ikkje forstod forskjellen på ei konsekvensanalyse som vart framlagd av Statens Vegvesen, og at denne ikkje er det same som vedtatt politikk, får dei svare for sjølv. Denne konsekvensanalysa frå Svv. ligg fortsatt på min PC, ho er flott å sjå på.

Når det er sagt, sendes ein appell til yngre krefter i partiet om å sjå til regjeringa Solberg. Sjå kva dei får til! Alle veit at FRP er partiet som skyr bompengar, men ein bygger like fullt veg. Dette synet er mulig å forfekte, vha. Haugalandspakken har ein no sjansen til å få vedtatt ny flott FV47 over Karmøy.

I pakken omkøyringsvegen som no skal bli vedtatt, ligg det mange flotte tiltak for Åkrehamn by. Desse kan ein få opplysningar om hjå kommunen. Nokre meiner at byen dør ut, det er jo mot all forskning. Sjå til Kvinnesdal, Mandal, Seljord, Tønsberg oa. Ein vil selvfølgelig handle lokalt, `handle heime`. Kvifor køyre lengre? Næringslivet må stole på seg sjølv, bygg ut Åkrehamn sentrum. Felles for oss som er for, er at alle vil gjere Åkrehamn til den fine handelsbyen den fortener å vere! Det skal allikevell ikkje forhindre våre generasjonar i å kunne bu i Karmøy og å kunne satse på utdanning/arbeid i eit Rogaland. Samtidig vil ein gjere tiltak som gagner Skudeneshavn og heile sør vest Karmøy sine behov. Sevland vil få ei ny tidsrekning, Vea får si etterlengta løysing, for ikkje å snakke om Brekke. Videre nordover øya har alle bygder og byen Kopervik sine utfordringar. Fase 1 og 2. inneheld løysingar for alle, den må politisk behandlast og det vil ta tid. Men felles for alle utbyggingar nordover i kommunen er følgande: Me her i sør vil alltid være her og vi vil alltid være med å betale for nye løysingar. Difor er det rett å starte heilt i sør, her er planane klare! Fleire stader står trafikken i dag. Trafikken frå sidevegane kjem ikkje inn på dagens fv og bilistar samt mjuke trafikkantar tek sjanser kvar morgon og kveld. Dette er eit aukande problem.

Ei ny vegtrase vil også gagne næringslivet. Den vil gjere at flyplassen på Helganes i framtida vil vere tilgjengelig og herifrå vil ein kunne satse på nye destinasjonar. Tenk på jobben som vart gjort for å få grunnlagt denne. Jobben dei gjorde for å byggje Karmøy fabrikker, samt Husøy basen med alle etableringar. Også Karmøy Winch for å nemne nokre til. Mange bedrift-eigarar på Sør Karmøy og i Åkrehamn melder om at avstanden er stor og vegstandarden me har i dag er for dårleg. Varer skal fram også til Søre delen av Karmøy. Desse bekreftar at også næringslivet ynskjer vegen og stiller seg undrande over motivet til enkelte andre som seier dei er imot. Dagens løysing kor all transport skal via lyskryss, rundkøyringar og fartsdumpar i sentrum av Åkrehamn, samt utkøyrsler frå eigedomar sørover er farlege! I eit virvarr av skuleungdom, er det berre eit spørsmål om tid før ei ny ulykke! Dagens vegstandard som stjel tid er bortkasta tid som kan nyttast i arbeidet eller i heimen. Karmøy må leggje til rette for tiltak som gagnar ansatte i bedrifter og deira ynskje om etableringar.

I dag aukar turismen i Skudeneshavn kraftig. Cruise trafikk er planlagd inn til ei flott havn. Byen vil satse på nytt fryseri, busstrafikk og tungtransport skal fram på nye trafikksikre vegar. Pendlarar skal sleppe å bruke 3 dobbelt så lang tid på reisa. Mange ynskjer å pendle til eit arbeidsmarknad i Rogaland. Då Skudenesferja blei nedlagt og T-forbindelsen opna, var dette ein lykkens dag for Karmøy. Likevel er det mange som merker på kroppen kvar einaste dag at vegnettet vårt er forelda. Me som pendlar og resten av befolkninga var allereie i 2013 innstilt på at vegen måtte byggjast betre nordover til T-forbindelsen og Helganes Karmøy. Konsekvensanalysen som

kom i 2007 frå Statens vegvesen og politikarane sitt JA til bompenger gjorde at me i Karmøy ser fram til ei ny tid. Me har i alle år betalt inn våre bidrag til dette, og vil fortsetje med det. Dessverre hadde Karmøy sove i timen på 70-talet. Motstandarar fekk den gongen gjennomslag, og tunellen kom aldri til Karmøy, vegen over Karmøy blei aldri bygd. Tenk korleis utviklinga hadde vore om den kom, den gong utan ei krone i bompengar.

No har me muligheten til å bøte på denne skaden som folket utan vyer påførte oss den gongen. Me skal byggje nytt og ruste oss for framtida. Planane som ligg der i dag er endå flottare, og meir tilpassa behovet ein har i dag. Forskjellen er at no må me stå i det og betale sjølve. Når desse nye traséane er ferdig bygd skal heile Karmøy si befolkning vere stolt. Ein klarer det på Bømlo, og eg trur at dette skal gå greit også i Karmøy. Me her i sør er dei som betaler lengst og mest ift. kvar enkelt innbyggjar. Tenk me betalar uansett kor hen me køyrer. Det har me for øvrig alltid gjort, via Skudenessamband, på Sokn Bomstasjon og T-forbindelse, som innbefatter nye veger på fastlandssida internt og til Hgsd. No betaler vi alle Karmøybuer i Haugalandspakken. Bompengar er eit spleiselag! Dei blir jo nedbetalt etter kvart sågar til kortare tid desse flotte vegane. Veg som me er avhengige av for å skaffe kommunen sine inntekter.

Sjå for dykk ei stor kake fordelt i brøk: Karmøy får eit stort stykke, vi er største kommune. Vel Karmøybuen å kaste kakestykket? Haugesund får eit stort stykke dei er noko mindre, dei er i gong med store utbyggingar. Sveio får utbetra vegen til Haugesund + nokre andre prosjekter. Tysvær byggjer Aksdalskrysset og har andre prosjekt på blokka.

Vi har viktige vegar som skal byggjast også på fastlandet av kommunen. Folket må våkne! Som innbyggjarar av Karmøy skal ein tenkje seg om, me er alle både på fastland og øydelen ansvarlege for at kommunen skal vere ein god kommune å bu i. Hugsar de dei blide billettørane på kaien i Skudeneshavn? Desse var førebileter å leve etter! Fram med smilet folk..

Les mer om:

Meninger Karmoynytt