Kristian Mateo Norheim.

«Ja til ny ruspolitikk!»

Skrevet av Kristian Mateo Norheim
08.03.2021 08:40

LESERINNLEGG: Jarle Nilsen og Alf Magne Grindhaug går ut mot den nye rusreforma i eit eige debattinnlegg. Dei skriv at ungdom fortener betre og at denne reforma er eit sjansespel med unge menneske sine liv. Eg er einig i at ungdom fortener betre enn ruspolitikken me har i dag. Nett difor er rusreforma nødvendig! 

For ein del år sidan valde Portugal å gå inn for avkriminalisering av narkotika. Resultat derfrå har vist at dette ikkje har ført til auka bruk av narkotika. Det har heller fungert godt å prioritere hjelp foran straff. Forskinga som er gjort her bør stå sterkt når Norge no skal få ein ny og betre ruspolitikk. 

Straff har ikkje fungert. Det er me kanskje einige om? Det er fleire historier om rusmisbrukarar som går inn og ut av fengsel og ikkje kjem seg ut av avhengnaden. Me ser fleire som spring bort når dei ser politi i nærleiken, for dei har ikkje råd til ei ny bot. Slik ruspolitikken er i dag, med straff, blir dei som treng hjelpa mest skremt bort frå dei som kan hjelpa dei. 

Rusreforma seier at det ikkje skal vere straffbart med bruk og besittelse av små dosar. Blir ein tatt med desse små dosane skal ein heller få hjelp til å slutte, enn å havna i trøbbel med politiet. Dette er førebyggjande ved at ein ikkje treng stikka av frå politiet. Samtidig vil ikkje dei som blir tatt med små dosar sleppe unna, men faktisk få hjelp. Politiet vil kunne pålegge dei som blir tatt å møte til kommunal rådgjeving. Her er det viktig å sikre at kommunane får nok ressursar til å ha gode tilbod og oppfølging. 

Samtidig ynskjer me alle å holda ungdom borte frå rusmiljø. Det kan ein gjere gjennom å ha gode sosiale tilbod for ungdom og familiar i kommunen. Me veit at dei som kjem inn i rusmiljø ofte har ein tung bakgrunn. Difor er det så viktig at det blir prioritert å bruke pengar på ulike fritidstilbod for ungdom og sikre at barnefamiliar har god og trygg inntekt. 

Heile denne reforma vil gjere liva til rusmisbrukarar enklare. Det er ei gruppe som har behov for hjelp, og gjennom denne reforma får dei det. Ungdom som har havna i miljø med rus treng å vita at vaksne vil dei godt. At dei vil få hjelp og ikkje straff. Difor er rusreforma eit steg i rett retning! 

Debatt
Karmøynytt oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.