Innseglinga mot sommaren

Sitat: «Det går ikkje an å kjempe i mot sommarens dragane kraft og draumen om den karibiske livsstilen, berre nokre veker unna.»
UKENS MÅKESKRIK: Eg har alltid elska denne tida. Ein parademarsjen, ei innsegling mot sommaren. Nå gjeld det å slå farten ned, manøvrere mellom holmar og skjer og helse på andre som tøffar roleg forbi, på veg mot same mål. Det velsigna rotet desse dagane i mai skapar, og rundt meg eit skulesystem som kollapsar under vekta av prøvar, eksamen og lokkande solrike dagar. Til slutt flyt heile opplegget ut i noko som liknar så mykje på sommarferie at det til sist er like greitt å samle seg til sommaravslutning og så gå heilhjarta inn i ferien.

 

Det er ikkje alle som har det slik. Ein del vil heller velje å kalle denne innseglinga ein innspurt. Dei ser seg nøydd til å mure seg inne på studiestader, lese og skrive medan dei ubevisst gnir seg i håret så det blir tynnslitt og elektrisk. Dei vil ete meir sjokolade enn ein bør og bruke stresset som ein gylden anledning til å la kosthaldet gå til dikkens. Og midt i lesinga vil dei løfte blikket og tenke over at dei faktisk ikkje hugsar dei siste sidene dei har lese, og hei!, kva er det eigentleg det dei samstundes sit med i venstrehanda og nett har tatt ein bit av skal førestille? Er det eit slags brød med fyll? Ein slags kebab, pirog eller innbakt pizza? Og er ingrediensane som er brukt noko ein kan spore tilbake til naturen eller er dei framstilt, prosessert og varmebehandla i så stor grad at det kan vere kva som helst? Det er noko der inne som gir seg ut for å vere kjøt, men om det er kylling, okse, rotte, rådyr, tunfisk eller hest er ikkje godt å seie. Så blar ein to sider tilbake, heiser på skuldrane, tar ein bit til og fortsett lesinga.

Andre prøver febrilsk å halde alt samla og ikkje la noko skli ut, men blir naturleg nok sjukemelde fram til jul av det meiningslause krafttaket. Det går ikkje an å kjempe i mot sommarens dragane kraft og draumen om den karibiske livsstilen, berre nokre veker unna.

Eg har sjølv ein eksamen å ta før ferien kjem, så tanken om at tida framover nå er ein parademarsj, eit ekstranummer sikkert som banken, er eigentleg livsfarleg. Hadde det nå vore slik at eg hadde jobba jamt og trutt heile året så kunne ein forstått det. Er grunnlaget lagt og det meste av jobben gjort så kan innspurten bli ei innsegling. Då har ein lagt konkurrentane bak seg for lengst.
Sitat: «Trur du eg har sprunge som ein galning etter ein buss på veg ut frå haldeplassen, og gjerne også slått i døra og ropt for å få han til å stoppe? Nei, det blir for dumt.»
Mangelen på innspurt kan vere ein av mange grunnar til at eg ikkje driv med idrett. Viljen til å vinne er midt på treet og vil det ta seg godt ut å slite som ein villmann og så bli slått? Nei. Trur du eg har sprunge som ein galning etter ein buss på veg ut frå haldeplassen, og gjerne også slått i døra og ropt for å få han til å stoppe? Nei, det blir for dumt. Betre då å gå i mål med stil, om enn fem minutt for seint. Knapt andpusten, og med sikkel og snørr plassert på innsida av kjeften av nasen der det høyrer heime.

Dessverre er denne mangelen på innspurt noko som gjeld fleire område i livet, enkelte gonger til stor irritasjon for mine næraste. Ser eg ein film med kona mi og innser at det går mot slutten, plotet er løyst, spenninga forløyst, ja då kan det vere det same med dei forsonande samtalane mellom karakterane i etterkant. Dødskjedeleg! Ein veit jo kva det går i. Då er det på tide å reise seg og begynne å rydde vekk mat og anna som må ryddast før natta kjem. Beklagar, men eg klarar ikkje gjere noko med det.

Om tida framover fortonar seg som ein innspurt eller ei innsegling, om du likar eller ikkje likar dei raude dagane i mai, så lykke til. Forson deg med det mennesket du er, så ses me, i det me alle saman snublar i pinsen og går på trynet inn i sommaren.

- - -

Ukens måkeskrik rullerer mellom Gaute Sortland, Benedicte Storhaug (neste uke), Arne Valen og Birgit Amalie Nilssen

Saken fortsetter under annonsen.
[annonse]