LESERINNLEGG: Holmen skule er ein alternativ læringsarena og blei starta av Karmøy Kommune i 1990.
Skulen blei driven i leigde lokaler i 3 år, men i 1994 kunne skulen flytta inn i nybygg i Asaldalen, Kopervik.
Elevtrykket var jevnt frå heile kommunen, men også i frå nabokommunar som ikkje klarte å tilby dei mest utfordrande elevane sine det innhaldet i skuletida dei hadde krav på.
Etter vurderinga frå skuleadministrasjonen og PPT var maks elevtal sett til 8 elevar per år, men trykket frå andre kommunar, særleg i frå sørfylket, gjorde at skulen opna for å ta inn ein eller to ekstra elevar. Dei budde i forsterheimar og gjekk på skule hos oss. Desse elevane utløyste betydelege refusjonsbeløp.
Teori og praksis
Skulen hadde etter kvart utvikla sin eigen frigjeringspedagogikk der teori og praktisk arbeid gjekk hand i hand.
Difor var det ikkje vanskele å reisa det eine skulebygget etter det andre. Elevane nøyt å vera i personleg utvikling, ved skulepulten og med murskei, hammar og sag.
Så, når alle skulebygga var ferdige, fekk skulen grønt lys for å planlegga å bygga eige skuleskip.
Rådmannen skriv til skole- og kultursjefen 30.09.97, sitat: «Jeg har merket meg at man i inneværende år har tjent betydelige beløp på ekstra elever utenom Karmøy kommune og som naturlig kan gå inn i prosjektet».
Året etter, den 22.09.98 tilslutta kommunestyret seg einstemmig til skulen sine byggeplanar. Kommunestyret forutsette at skuta skulle vere sjølvfinansiert og at Karmøy kommune hadde eigedomsretten til fartøyet. Fartøyet skulle disponerast av Holmen skole.
Økonomi
Sitat frå prosjektgruppa sin byggerapport, hele kapittelet ang økonomi, samansett av to i frå sentraladministrasjonen i kommunen og to frå Holmen skole, datert 9. april 2014:
Slik båten ligger i dag utgjør kostnadene kr. 6.000 000. Dette inkluderer alle selvbetalte materialkostnader, gaver, støttekjøp og innleid arbeid, samt seilgarderobe.
Direkte pengegaver, støttekjøp og gaver i form av gjenstander utgjør samlet kr 1.000 000,-
Kommunens utgifter beløper seg dermed til kr 5.000 000,-
Da kommunestyret sa ja til prosjektet, lå det som en forutsetning at Holmen skole, innenfor sin bemanning, skulle selge en elevplass som ville gi en inntekt på 200.000 pr år. Beløpet skulle inngå i finansieringen av prosjektet.
Prosjektgruppa har fått utarbeidet en oversikt over de inntekter Holmen skole har bidratt med gjennom refusjonsberettigede tjenester for andre kommuner eller institusjoner.
I årene 1991 til 2000 har skolen solgt tjenester for kr 1.350 000,-
I årene 2000 til 2013 har skolen solgt tjenester for kr. 7.000 000,-
Samla inntjening i de to periodene utgjør kr. 8.350 000,- som kommunen har mottatt i refusjoner fra Rogaland fylkeskommune og andre kommuner.
Skolen har også i inneværende år elev som gir refusjon.
I disse beregningene er ikke innkalkulert verdien av det arbeid som er utført av Holmen skoles personale og elever. Dersom deres aktivitet ikke var knyttet til båten, ville de drevet med andre aktiviteter, men neppe med samme verdiskapning.
Det inntjente beløp samsvarer med kommunens utgifter til båten og bygging av sjøhuset i Stangelandsvågen. Økonomisk har prosjektet vært meget gunstig for kommunen. En har fått tilført store verdier (båt og sjøhus) som er dekket gjennom refusjoner og arbeidsinnsats som ikke ville hatt samme verdiskapning gjennom andre gjøremål.
Båtbyggerne som bygget «Restaurationen», har vurdert kostnaden med å bygge vår «Alma». Deres pris på fullt ferdig båt er oppgitt til 12.000 000,- kroner.
«Alma» er forsikret for 10.000 000,-. (sitat slutt)
Skulen har også tent kr 200.000,- og sett av desse til fond for å møta uforutsette utgifter på skuta. Dette er overskotet frå Holmen skole si drift av kommunen sin hovudstand på Vikingfestivalen.
Skuta blei etter eitt års landsdekkande annonsering seld for kr 2.650 000,-
70 elevar
70 ungdommar har jobba på skuta, frå kjølstrekking til sjøsetting. Dei har lært å ha respekt for nøyaktighet, opplevd mestring og bygd på eige sjølvbilde.
4 lærarar tok sertifikatet som krevst for å føra skuta.
Kommunen ønska å styrka sin maritime profil med skuta som ein natuleg representasjonsbåt.
Det stemmer difor ikkje som skole- og kultursjefen seier i H.A. den 22.04 i å at sitat: «Det var ikke tenkt at skolen skulle ha den i ettertid.» Dette har han frå forrige ordførar, (då som skole- og kulturpolitikar,) seier han. Salget av skuta blei først lansert tidlig i 2018 av skole- og kultursjefen men lagt på is etter at Harald Dale skreiv i Karmøynytt den 8. mars 2018 (Ikke selg båten, Karmøynytt). Han kalla tanken historielaus og la også stor vekt på alle elevane som hadde vore engasjerte, samt alle sponsorane som velvillig stilte med dei største innkjøpa: motor, gir, vinsj, syrefast stål, mob. båt og seglgarderobe. Den sistnemnde sponsoren er kraftig kritisk og vil be om refundering av heile summen og bruka den til liknande ungdomstiltak.
Mange kom med pengegåver, størst av dei ein lokal sparebank.
Kunne skulen eller kommunen ha bede om, eller teke imot store midlar hvis me ville selge skuta? Sjølvsagt ikkje. Forklaringa er enkel og trist.
Skulen stod ribba sommaren 2016.
Det var fordi to lærarar og eg sa opp samtidig etter ein kald prosess som varte frå hausten 2015 til sommaren 2016.
Då hadde dåverande skolesjef og rådmannen, leiar i PPT, skole- og kultursjefen og leiar for oppvekst og kultur drive med ei akutt omorganisering av Holmen/Tårnet.
Ingen har sett noko endring etterpå. Men det blei tynt på personalsida og tynt med elevar. Skolesjefen og rådmannen søkte seg rett etter vekk frå stillingane sine i Karmøy kommune.
At ansvarlig for drift og vedlikehald av skuta gav etter for presset frå skuleadministrasjonen, er fullt forståeleg.
Personalet har ytt maksimalt i 25 år og har ikkje grunn til å skamma seg.
Andre kan forklara seg og bera skamma.