Kristian Mateo Norheim, 1.kandidat Rødt Karmøy. Foto: Camilla Johansen Foto: Camilla Johansen
Leserinnlegg:

Høgresidas sanne ansikt


Dette er et leserinnlegg. Innlegget gir utrykk for skribentens meninger og holdninger. Du kan sende inn leserinnlegg til oss i Karmøynytt her.

MENINGER: Denne valkampen har høgresida i fleire debattar vist sitt sanne ansikt når det gjeld klima- og natur. I debatten hjå Haugesunds-avis svarte mellom anna Høgre, FrP, INP og Karmøylista at dei ikkje trudde på menneskeskapte klimaendringar. I ein debatt på Ferkingstad svara Høgres representant at «me må slutte å behandle Karmøy som eit naturreservat». I tillegg nemner ikkje Høgre naturvern på eit einaste punkt i sitt valprogram. 

At eit av desse partia, som ikkje er oppteken av naturvern i det heile tatt, skal kunne få ordføraren er svært bekymrande. I tillegg kan det fort ende opp i eit samarbeid mellom Høgre, klimafornektande FrP som vil gjere det lettare å omgjere LNF-områder til anna bruk, og eit Karmøylista som meiner jordvernsstrategien i Karmøy er for streng og vil byggje ut heile strandsona vår. 

Det er eigentleg blitt ganske tydeleg i valkampen at høgresida på Karmøy ikkje er oppteken av å ta vare på den vakre naturen vår. Det er svært alvorleg om høgresida får ansvar for naturforvaltninga i Karmøy etter valet. Sabima, ein organisasjon som kjempar for auka naturvern, har rangert alle Noregs kommunar basert på fakta, planlegging av å byggje ned natur, satsing på naturvern og om ein gjev mange dispensasjonar frå vedtekne planer til å byggje i natur.

Karmøy er på denne rangeringa nr. 229 av 356 kommunar. Tall frå Sabima viser at Karmøy har 40% av strandsona som enda er urørt. Dette vil Karmøylista fortsetje å byggje ned. Berre 0,82% av kommunen er verna natur. Dette meiner Høgre tydelegvis er for mykje! Det einaste tiltaket FrP har i sitt program, som gjeld naturvern, er støtte til strandryddeprosjekter. Bra enkeltsak, men ein skandale at dei ikkje har meir. 

Me veit at det som trugar det biologiske mangfaldet mest er menneskeskapte arealendringar. Då er det skremmande å sjå ei høgreside som ikkje ynskjer å avgrense utbygging. Raudt ynskjer å bruke Sabima som eit verktøy for auka naturvern i Karmøy. Me er eit av dei sterkaste reiskapane for eit auka fokus på naturvern i kommunen. 

Raudt ynskjer å lage verneplanar for viktige biotopar i kommunen, og vil at Karmøy skal vere ein arealnøytral kommune. Det vil seie at me må gjenbruka, fortette utbygd areal i staden for å byggje ut meir natur og restaurere meir natur. Omsynet til klima, miljø og natur må bli større i utbyggingssaker. 

Ynskjer du eit grønt og vakkert Karmøy? Hugs at du må vere raud for å vere grøn. Stem Raudt for eit grønt og berekraftig Karmøy for framtida. 

 

Kristian Mateo Norheim
1.kandidat Rødt Karmøy