ALKOLÅS: MA-Rusfri Trafikk vil at montering av alkolås skal vera eit krav i alle nye personbilar og yrkesbilar, og etter kvart i alle kjøretøy. Foto: Privat.
Leserinnlegg:

Haugalandet: Alkolås i alle bilar kan redda liv


Dette er et leserinnlegg. Innlegget gir utrykk for skribentens meninger og holdninger. Du kan sende inn leserinnlegg til oss i Karmøynytt her. 

EDWARD-dagen blir markert over heile Europa i desse dagar. Forkortinga står for “Every Day Without A Road Death”. Året 2022 har ein trist ulykkesstatistikk i Norge. Det kan vera mange årsakar til auken, men promillekjøring har alltid vore medverkande i ein stor del av trafikkulykkene.

MA-Rusfri Trafikk vil at montering av alkolås skal vera eit krav i alle nye personbilar og yrkesbilar, og etter kvart i alle kjøretøy. Alle bussar og minibussar skal ha montert alkolås innan 2023. Her har det vore krav om alkolås ved registrering etter 2019. 

Når ein bil har montert alkolås må ein blåsa gjennom ein følar for å få start på bilen. Promille i pusten gjer at bilen ikkje vil starta. Ved montering av alkolås i nye bilar kan kostnaden på enkelte bilmerke vera så låg som 5000 kr. Ved ettermontering på eldre kjøretøy blir det naturleg nok ein større kostnad.  

Alkolås er eit av mange tiltak som kan verka positivt på ulykkesstatistikken.

 

 

Styret i MA-Rusfri Trafikk, avdeling Haugaland

Ola E. Alne, leiar, Ølen

Gunnar Stueland, Karmøy

Annlaug Fludal, Sveio

Ole Konrad Innvær, Etne

Trygve Utvik, Karmøy

Arne Meltvik, Karmøy