Ådlandskrysset sør føreløpig per 04.02.2019. Illustrasjon Cowi

«Glad for at Karmøy framleis har visjonære JA politikarar!»

Skrevet av Eivind Nordbø
04.06.2019 12:15 - OPPDATERT 04.06.2019 13:06

MENINGER: MENINGER: Glad for at Karmøy framleis har visjonære JA politikarar!

Rundt årtusenskiftet var eg som ung Høgrerepresentant innvalgt i Karmøy kommunestyre. Ei fin og lærerik tid i politikken kor eg fekk lære mykje realpolitikk av Høgrenestorane Astor Damm, Sverre Utne Reitan, Svein Munkejord. ...m.fl.
Karmøy politikken på denne tida vart ofte prega av til dels syrleg, men alltid sakleg ordveksling mellom Astor Damm og den nyvalgte ordføraren frå Krf, Kjell Arvid Svendsen. Dei kunne begge to bite i frå seg på talerstolen.
Den `nye` ordføraren klarte seg godt, og blei støtta av fleirtalet i heile 16 år,
i vekslande koallisjoner. Politisk vil eg påstå at desse i tillegg til Helga Rullestad m.fl., på ein fin måte utfyllte kvarandre. Dei ville alle på sin måte det beste for kommunen, for Karmøy og fastlands- delen av vår kommune. Dette er ei viktig evne om ein skal sitje i kommunestyret. Utviklinga i Karmøy har vore god. Som vi veit er det avgjerslene i tidligare kommunestyrer som skaper framtida!

Kanskje har det vore møtet med desse nevnte personane som har sørga for å halde ved like mi politiske interesse. Politikken har saman med utviklinga i verda endra seg. Forhåpentleg til det betre? I dag har meiningsytringar på sosiale medier både negativ og positiv effekt. Det å interessere seg for, og å engasjere seg i politikk, har blitt mykje lettare på mange vis. I staden for dei tjukke sakspapirbunkene som blei sende ut med posten i A4 konvoluttar, har ein i dag eit nettbrett på lån frå kommunen. Dette gjer deltaking i kommunepolitikken mogleg for fleire.

At ein kan lese seg opp på sakene i kveldsstunder etter at ungar er i seng, frå både hytte eller frivakta på jobb, er ei styrke for lokaldemokratiet! Utviklinga går som oftast mot det betre, om den nyttast på ei fornuftig måte.

 

I politikken gjeld det å oppretthalde draumen om å skape, få vere med å utvikle kommunen til det betre, leggje til rette for næringsutviklinga og arbeids-plassene våre for at Karmøy si befolkning skal kunne lukkast og ta eigne val. For oss i Høgre er det viktig at ein skal kunne bu i Karmøy, kunne utdanne seg her eller i omkringliggjande kommunar. Ein skal og kunne bu i heile kommunen vår. Karmøy skal rustast opp slik at folk kan leve her samtidig som ein kan jobbe der ein ynskjer, (underforstått i eit samla Rogaland).
Difor er samferdsle så viktig for oss. Med skikkeleg infrastruktur legg me grunnlaget for vekst, for at bedrifter etablerer seg, og for at folk ynskjer å busetje seg her.
Folk kjem kan hende tilbake til Karmøy etter kvart som ein ser kva familien betyr, eller nye flytter til for å prøve noko nytt utanfor storbyane.
Eit godt samfunn å bu i skal sjølvsagt ta vare på den som av ulike årsakar fell utanfor i samfunnet vårt. Høgre vil sørge for å hjelpe desse tilbake på livssporet, og om mogleg tilbake i arbeid.
Karmøy sine ansvarlege politikarar må difor sørge for at kommunen vår utviklar seg i takt med resten av Noreg. Me må ruste oss for framtida. Om få år er Rogfast klar, nye tunellar på E134 over Haukelifjell, og 4 felt til Sørlandet presser seg fram.
Skikkeleg infrastruktur er ein forutsettnad for utvikling, det motsatte av stagnasjon! Karmøy sine ansvarlege politikarar må realisere vårt vegnett via Haugalandspakken. Det stormar rundt dette no, men vil bli applaudert i etterkant.
Kva er det som får godt vaksne politikarar og folk elles til å tale for å sende problemet med vår infrastruktur til neste generasjon? Er det gjerrighet, er det lite medkjensle?
Når bompengar har vist seg å være såpass effektivt, er litt bompengar då så gale når ein ser vegprosjekta som reiser seg? Kjærkomen veg, framkommelighet for heile befolkninga og trygge lokalsamfunn som ein aldri ville fått utan bruk av desse?

Om vi byggjer Karmøy sitt vegnett i næraste framtid, vil vi posisjonere befolkninga og næringslivet vårt til å møte framtidas Rogaland. I dagens Oljerike har vi råd til dette, neste generasjon er kanskje ikkje like heldige. Dette er ansvarleghet!
I debattane som i seinare tid har vore, stikk det frå tid til annan seg fram politikarar som tilsynelatande har mista trua på politikk som eit redskap. Uansett kva saka gjeld har dei motsettningar og er imot. Nei er det nye mantraet for desse. Dette vil om det får gjennomslag føre Karmøy til stagnasjon! Som me veit skal lokalpolitikk handle om å gjere kommunen betre, eg er i tvil om denne Nei til det meste mentaliteten gagnar Karmøy si befolkning. Eg trur at å sitje som vaktbikkjer i kommunestyret for å fremme dette `imot alt synet`, heller skapar politikarar forakt, og tek håpet ifrå våre innbyggjarar, noko som og er synleg på sosiale medier.

Dette bør veljarane velge bort ved valet i haust!
Sørg for å stemme inn positive representantar i Karmøy politikken! Eksempelvis:
Tor Kristian Gaard, Helge Torheim, Jarle Nilsen og Tor Asle Grønningen m.fl.
Slik kan me saman sørge for at Karmøy forblir motoren på Haugalandet. I eit felles arbeidsmarknad kor ein legg til rette for infrastruktur, nytenkning, positivitet, i
eit Karmøysamfunn som satser på framtida, som viser tillit til sine innbyggjarar, og som vil leggje til rette for at befolkninga blir meir positiv og aukar i antall.
Slik tek vi vare på framtida, slik vil Karmøy på best måte bestå!

Eg hugsar godt då kommunestyret skulle utbetre krysset til Bøneset/Torvestad.
Den gongen kjempa Høgrerepresentant Sverre Utne Reitan ein retorisk kamp frå talarstolen. Mange ville ha rundkøyring, men Utne Reitan klarte å overtale kommunestyret til å gå inn for toplankryss. Planen var og å byggje 2 felt frå Bø til brua, kompromiss øydela for dette. Mange var den gong imot dette, i dag ser vi alle at å byggje noko anna ville vore dumskap, på grensa til galskap!

Som gutunge på Sandhåland i 1984 var me mange som var vitne til at Statens vegvesen la vegen utanom bygda vår. Dette har påverka positivt på denne verdas flottaste plass. Om ikkje vegen den gongen hadde blitt lagt der, ville vegen ikkje blitt bygd.
Bygda som blei vår heimbygd etter mange år i Stavanger, ville ikkje blitt det fordi trafikken nærast gjekk igjennom hagane til folk. Dette gjeld for mange stader på Karmøy.

Me benytter ofte T-forbindelsen. Karmøy nyt godt av denne og nye vegar over Fosen- Røyksund til Stavanger.
Me har sett arbeidet dei gjorde med diagonalen imellom Norheim til Raglamyr.
Me har sett arbeidet som blei gjort i Bøkrossen og på Avaldsnes.

Me har sett veganlegga som Kopervik har fått på Bygnes -Søylebotn og Åsebøen. Me ser vegnettet med toplankrysset og vegen vidare til Kvalavåg.
Me har alle sett fleire trafikksikringstiltak, nye busslommer osv.
Gangfeltet til Skudeneshavn kjem også.

Det seier seg sjølv at no er det Ådland-Åkrehamn-Sevland-Heia-Vea sin tur!
Alt kjem frå spleiselaget Haugalandspakken som me alle bidreg til for å møte framtida! Takstane i bomringen må være akseptable men me må ikkje la mulighetane gå i frå oss!

Det har aldri blitt bygd så mykje veg på Haugalandet. Eg har difor trua på at fase to av Haugalandspakken kjem. Fordi eit skikkelig vegnett er nødvendig og noko som Karmøy si befolkning og Haugalandet ellers vil ha meir av. Eit effektivt verkemiddel for å få veg. Denne fase 2 inneheld ny veg frå Brekke til Helganesvegen med mange utbetringar. Dette vil i tillegg sikre framtidas privatdrevne flyplass, og gjer den konkurransedyktig. Fase 2 vil også utløyse den etterlengta Kolnes/Skre strekket som er under planlegging. Ny /utbetra veg til Husøy ligg inne i nasjonal transportplan som E134. Denne er som kjent staten sitt ansvar, og vil såleis tvinge seg fram i takt med utbygginga her,

som takka væra positive JA politikarar stadig veks.

Det kostar å investere, investeringane gir avkastning! Avkastning gagner Karmøy!
Difor er eg glad for at Karmøy framleis har ein majoritet av visjonære Ja politikarar i kommunestyret. Eg har tiltru til at velgjarane til hausten sørger for fortsatt framgang for Karmøy! Eg har trua på at dei aller fleiste evnar å sjå to sider av ei sak!
Får eg tilliten til hausten, vil eg gjerne bidra som ein av desse, Ja til Karmøy si framtid og utvikling!

Mvh:
Eivind Nordbø Høgre i Karmøy.