Vidar Lund, Leiar i Norsk Bibliotekforening  og Ingrid Bie Helgesen, Leiar NBF Rogaland.

«Gjer sommaren 2021 til ein lesesommar!»

Skrevet av Vidar Lund, Ingrid Bie Helgesen
14.06.2021 14:26

MENINGER: Norske skuleungar er inne i ein dårleg trend når det gjeld lesing: Berre 50 % les på fritida, 60 % les berre når dei må. Lystlesinga slit, den lesinga som gir deg gode opplevingar eller der du les om noko du faktisk er nysgjerrig på. Skulen er viktig for å lære å lesa, men biblioteka er viktige for å hjelpe ungane med å finne bøker dei har lyst til å lesa. 

1. juni starta Sommarles.no opp igjen. Denne årlege lesekampanjen rettar seg mot alle i barneskulen, for å få dei som er i starten av sitt lesande liv til å bruke litt av ferien på lesing. Folkebiblioteka står i spissen for kampanjen, i samarbeid med skulane og organisasjonar som fremmar lesing.

Alt tyder på at dette er eit særs viktig arbeid. Lesing er grunnleggjande for å lære, for kommunikasjon og for å leike. Ein må kunne lesa korte tekstar og lange tekstar, på norsk og på fleire språk. Sommarles.no er ein kampanje som gjer det ekstra morosamt å lesa! Med digitale gevinstar, ei historie som dei kan lesa meir og meir av med kodar frå biblioteket og ikkje minst: fine premiar når dei når ulike nivå!

Vi som er vaksne har eit ekstra ansvar for at ungane ikkje mistar dei gode vanene dei har fått i skuleåret. Ved å få dei med på Sommarles.no kan vi gje dei eit lite puff i rett retning! Eg vil oppmode alle til å hjelpe ungane til å registrere seg på Sommarles.no-sida, og til å gå på biblioteket gjennom sommaren. Dei fleste folkebiblioteka har ope om sommaren òg, bruk dei!


Vidar Lund, Leiar i Norsk Bibliotekforening 
Ingrid Bie Helgesen, Leiar NBF Rogaland