Kristian Mateo Norheim.

«FrP sviktar dei permitterte!»

Skrevet av Kristian Mateo Norheim
06.07.2020 11:33

Norge står midt i ei av dei største økonomiske krisene i historia. Mange er permitterte, og folk fryktar for framtida si.

LESARINNLEGG: I dag kan ei bedrift permittere ansatte i 26 veker. Rødt har kome med fylgjande forslag på Stortinget: «Stortinget ber regjeringen utvide permitteringsperioden til 52 uker.»

Grunnen er enkel. For dei arbeidstakarane som blei permitterte rett etter at Norge stengde ned, endar dei 26 vekene før Stortinget er tilbake frå sommarferien. Viss arbeidsgjevar ikkje har økonomi til å ta den ansatte tilbake innan dei 26 vekene, er alternativet oppseiing. For mange vil dette bety at varsel om oppseiing kjem no i sommar, og dei vil brått stå utan arbeid. 

Rødt sitt forslag blei stemt ned den 19. juni. FrP var mellom dei som stemte mot forslaget, og med det støtta regjeringa i å ikkje ta ansvar for dei permitterte. I dagane som følgde sa FrP at dei kanskje var for forslaget likevel. Bjørnar Moxnes bad då presidentskapet på Stortinget om å kalla Stortinget tilbake frå ferie, for å stemma over forslaget på nytt. Men den gong ei: FrP ville ikkje kome tilbake til Stortinget éin dag for å stemme for forslaget. 

I media latar FrP i kjent stil som om dei vil hjelpa folk, men når det gjeld på Stortinget stemmer dei mot arbeidsfolk. FrP vil altså ikkje vera med på å bidra så dei permitterte får tryggleik gjennom sommaren.

Ved permittering kjem arbeidstakarane tilbake til dei same løns- og arbeidsvilkåra dei hadde før permitteringa. Men viss du først blir sagt opp og må søkje jobb på nytt, vil nytilsetjinga kunna vera på andre arbeids- og lønsvilkår enn du hadde opprinneleg. Når mange er utan jobb vert presset nedover på arbeids- og lønsvilkår sterkt. Særleg folk i lågtløna yrke vil merka presset. Skilnaden for arbeidstakarane mellom å kome tilbake frå permittering og å måtta søkje jobb på ny er enorm.

Det er eit svik frå regjeringa å ikkje umiddelbart utvida permitteringstida til 52 veker. FrP kunne ha forhindra regjeringa si politikk, men gjer det ikkje. Det er ikkje noko nytt - FrP tek jamnleg til orde for å svekkje arbeidstakarane sine rettar. 

Høyre og FrP endra arbeidsmiljølova i 2015. Då fjerna dei hovudregelen om forbod mot midlertidige tilsetjingar i den ordinære verksemda til ei bedrift. Dette åpna for utstrakt bruk av midlertidige tilsetjingar, og ein sterk vekst i bemanningsbransjen. Langt fleire arbeidstakarar må stå med lua i handa og håpa på meir jobb utan klare rettar. 
Meir nyleg, i mars 2020, støtta ikkje FrP forslaget om å sikre norske løns- og arbeidsvilkår til sjøs.
FrP si vingling i arbeidslivsspørsmål er ikkje noko nytt, og dei sviktar dei som sit nedst ved bordet kvar gong.

Alt i 2015 tok Rødt initiativ til ein kampanje mot midlertidige tilsetjingar rundt om i landet. Me har jobba for norske løns- og arbeidsvilkår på sjø og land og for utviding av permitteringstida under koronakrisa. 
19. juni 2020 fremja Rødt òg eit forslag om at: «Stortinget ber regjeringen sikre at alle arbeidsledige som ikke har fått innvilget lønnskompensasjon eller dagpenger i løpet av første halvdel av juni, får et umiddelbart forskudd på 20 000 kroner. Dette forskuddet skal ikke føre til trekk i andre ytelser fra Nav enn lønnskompensasjonen og dagpenger, eller kreves tilbakebetalt.» Nok ei gong stemte FrP og regjeringa mot at dei som ikkje har fått ytingane dei har krav på, skulle sikrast eit forskot. 

Me i Rødt står på arbeidsfolk si side i praktisk politikk, det er umogleg å forstå korleis ein kan stemme mot desse forslaga. Eg vonar alle arbeidsfolk hugsar kven som har løfta sakane deira gjennom heile stortingsperioden når valet kjem i 2021. 

Kristian Mateo Norheim
Leiar Rødt Haugaland.

Debatt
Karmøynytt oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.