Asbjørn Eik-Nes

Flyktningane treng jobb og ein trygg kvardag – raskt

Dette er et leserinnlegg. Innlegget gir utrykk for skribentens meninger og holdninger. Du kan sende inn leserinnlegg til oss i Karmøynytt her.

Putin sin invasjon av Ukraina har allereie fått katastrofale konsekvensar. Mange er drepne, mange kjempar for livet, for fridom og demokrati. Millionar er på flukt. Nokre er komne til Karmøy, og fleire er på veg. Vi må gi desse menneska omsorg og ein trygg kvardag. Venstre vil kutte byråkrati og la flyktningane kome raskt i jobb.

Ukrainarane som no er komne til Noreg og Karmøy, har flykta frå heilt vanlege liv. Kvardagen tok brått slutt då krigen starta for nokre veker sidan. Fleire stader er han bokstaveleg talt i ruinar. 

Ein del av desse menneska har likevel kompetanse og utdanning som ingen kan ta ifrå dei. Kan hende treng dei autorisasjon eller påfyll av studiepoeng for å kunne drive med det same i Noreg. Det bør vi gi dei. Venstre vil at kommunen, fylkeskommunen, Nav og næringslivet skal gå saman og finne måtar å gi flyktningane kompetansen dei treng for å kome seg raskt inn i det lokale arbeidslivet.

Flyktningar utan formell utdanning kan òg har gode føresetnader for å kome raskt i jobb. Men då må det praktiske – bustad, økonomisk tryggleik og barnehage- og skuleplassar for borna – vere på plass.

Folk frå andre land, som er kvalifiserte til å drive med eit yrke som krev autorisasjon i Noreg, opplev ofte at godkjenningsprosessen kan ta veldig lang tid. Det gjer at mange vert passive, og får eit dårleg møte med det norske samfunnet i tida dei er her. Samstundes går vi glipp av ressursar som samfunnet treng. På Stortinget har Venstre foreslått å auke kapasiteten hos myndigheitene som autoriserer dei ulike yrkene slik at dette skjer raskare. 

Jobb er ein grunn til å stå opp om morgonen. Det er fellesskap og meining – eit vis å bidra på. Ukrainske flyktningar har fått kollektiv, midlertidig beskyttelse i Noreg. Dei skal ikkje vente på søknadar som vert handsama. Det dei treng, er å få tryggleiken og fridomen tilbake. Ein grunn til å stå opp. 

Det må vi i Karmøy gi dei, gjerne med statleg støtte. Vi må førebu oss på ei tilstrømming av flyktningar, kor mange er i stand til å gå ut i arbeid på relativt kort tid - om det leggast til rette for det. Derfor må vi kome kjapt i gong med kartlegging av kompetanse, språkkunnskapar og arbeidsevne. Det må lagast fleksible system for å gi kvar einskild person skreddarsydde tilbod om påfyll av kompetanse og opplæring. 

Krigen i Ukraina skjer i vårt nabolag. Mange av oss vil få nye naboar framover. La oss ta dei imot med opne armar – i arbeidslivet òg.

[annonse]
Asbjørn Eik-Nes

Gruppeleiar Karmøy venstre

Debatt
Karmøynytt oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.