Nina Ådland er jordmor og ny spaltist i Karmøynytt. Hun er bosatt på Sevland sammen med mann og tre barn. 

«Ferie og frityrdagar»


RETT FRA LIVMORA: Fellesferie, det ordet er det lenge sidan eg har høyrt. Slik eg forstår det så er fellesferie noko ein opererar med når alle på ein arbeidsplass kan ha ferie samstundes. Slik arbeidsplass har ikkje eg. Og heller ikkje dette året har eg opparbeida meg nok avspasering til 3-4 ekstra friveker, som eg kunne tatt i samband med ferien. Eller, hadde eg hatt det så kunne eg i alle fall ikkje teke ut fri midt på sommaren, i ferietida – slik er ikkje helsevesenet. Det skulle tatt seg ut.

På mikronivå, altså i familien, prøver me så godt me kan å få felles ferie, ikkje fellesferie. Det er dette som er interessant, kvart år. Reknestykket er som fylgjer: barn, i fleirtal, har ferie i 8 veker. Foreldre, heldigvis i fleirtal, har ferie i 4 veker kvar. Altså nok ferie til at ein vaksen alltid er tilstades. Det er berre det at dei fleste foreldre, som lever saman, ynskjer å ha ferien sin ilag med kvarandre OG barna. Det er då ein må starta å pusla puslespel. Akkurat dette puslespelet gir meg årleg høg puls. Det ordnar seg på eit vis, alltid. Det vil seia, me må ordna det. Då barna gjekk i barnehage var det lettare. Skulen er det verre med. Ingen barnehage eg veit om, har stengt åtte veker om sommaren. Skulen har det.

Takka vera velfungerande nettverk så løyser det seg. Der er me rike. Ikkje alle er det, heller.

Kva eg skal i ferien? Eg skal på landet, eller Lanne, som eg likar å kalla det. Lanne ligg kant i kant med Havet og inneber omtrent færre kvadratmeter rorbu enn talet på menneske inni rorbua. Det er det som er sjarmen, å disponera eit sjøhus som er ei omvendt Sareptas krukke- det blir aldri fullt der inne, uansett.  Eg gledar meg til hyttehår og vaskeklut.

Så er det jo diverse frityrdagar ein kan oppsøkja her i nærområdet. Fascinerande det der, at arrangement med til dømes fisk som tema for det meste tilbyr kylling og frityr på tallerkenen. Akk ja, markedet bestemmer. Men eg kan lova, at dersom nokon riggar opp ei bod med nysteikte fiskekaker så stiller eg meg i køen. Flott uansett, at nærmiljøet har mykje kjekt å by på i ferietid.

Apropos tallerken, med eller utan frityr, kvifor har ingen dikta opp ein konkurranse i manøvrering av papptallerk pluss nordavind pluss campingstol pluss plastikkgaffel? Det ville truleg vore sterke kandidatar blant småbarnsforeldre i traktering av kombinasjonen av alt dette. Mai og juni inneheld ei lang rekkje med avslutningar, før ferien, der trillande pølser på papptallerk er noko ein må trena seg opp til å handtera. Og kvifor i all verden skal me markera alt på denne måten? Himla travelt og ikkje alltid himla kjekt. Sjøl strauk eg nettopp i ein av kvardagslivets eksamenar – ungeflokken skulle på aktivitetsdag, for sikkerhets skuld fordelt på ulike opplegg. Visma fortalde meg, dagen før, at nokon skulle ha håv, nokon skulle ha sykkel og hjelm, nokon skulle ha bøtte og redningsvest. (Redningsvest betyr til dømes at du må vega ungane dine. Prøv den som vil). Hadde eg berre då hatt  mastergrad i logistikk! Lang historie kort: det var ikkje alle som skulle grilla viste det seg, sjøl om det låg kalde pølser i matboksen. Jaja, livet er ikkje lett. Og ingen har vel tatt skade av ei kald pølse. Men ripe i lakken for ei logistikkdronning, det var det.

Ferie blir det, dette året og. Eg ynskjer deg som les ein fin sommar. Ser deg kanskje, med eller utan papptallerk.