Geir Toskedal (KrF) Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

«Endeleg eldreombod»

Skrevet av Geir Toskedal
11.06.2020 22:19

MENINGER: KrF tek eldre på alvor og har nå fått gjennomslag i regjeringa for å opprette eit eige eldreombod. Dette er eit viktig tiltak for å sikre at eldre sine behov blir høyrd og tatt på alvor i samfunnet.

Gjennom koronapandemien har det vore auka fokus på eldre og den einsemda mange har opplevd. For KrF er det ein hjartesak. Derfor er vi nå glade for å melde at Norge får sitt første eldreombod.

Detta har KrF jobba lenge for. Generasjonen av eldre menneske i Norge er dei som har bygd landet vårt. Å sikre deira rettar også i alderdommen er menneskeverd i praksis. Alle er like mykje verd, uansett om ein er skatteytar, i arbeid eller har anna status. Den nasjonale dugnaden ved korona-pandemien gjorde at vi saman ville verna om eldre og sjuke. Det er verdiar landet vårt er bygd på. Endå gjenstår mykje arbeid for denne gruppa, difor er eit eldreombodet viktig. Dei eldre skal bli sett, høyrd og respektert.

Å sikre ein god alderdom og stadig betring av eldreomsorga er eit viktig ledd i å hindra depresjon hos eldre. Det er også eit viktig tiltak i møte med krefter som ønsker å innføre aktiv dødshjelp i Noreg. Noreg bør vere eit føregangsland for dei eldre sine rettar. Noreg skal vere eit godt land å bli gamal i.

I lovteksten heiter det at «eldreombodet skal på alle samfunnsområder arbeide for å fremme eldres interesser overfor det offentlege og private, og følgje med på utviklinga i eldres situasjon. Eldreombodet skal mellom anna arbeide for at eldres interesser vart ivareteke og foreslå tiltak som kan styrke eldres interesser og løyse eller førebyggje utfordringar for eldre i samfunnet.» Eit eige eldreombod skal altså setje seg inn i kvardagen til dei eldre og få utfordringane på dagsorden.

Når KrF nå sikrar oppretting av eldreombod, tyder det at denne gruppa får eit løft i den offentlege debatten. Menneskeverd i praksis er å ta vare på behov og rettar for alle grupper, ikkje minst for dei eldre.