Asbjørn Eik-Nes

«Ein klimaplan for Karmøy»

LESERINNLEGG: Regjeringa har no lagt fram klimaplanen for dei neste ti åra. Han viser korleis vi skal nå målet vårt under Parisavtalen, samtidig som vi skaper jobbar og moglegheiter for folk. Heile samfunnet skal omstille seg til det betre. 

Det skal òg Karmøy. 

Med denne klimaplanen blir det meir lønnsamt å velje miljøvennleg. Dei som kuttar sine eigne utslepp, skal tene på det. Det gir moglegheiter til lokalt næringsliv til å utvikle ny teknologi og ta i bruk ny teknologi. Det skal vere fornuftig økonomisk å kjøpe ein elbil i staden for ein bensinbil. 

No skal vi bruke offentlege innkjøp meir aktivt. Snart skal alle nye ferjer og hurtigbåtar vere med låge eller ingen utslepp. Frå og med neste år skal alle nye bilar som blir kjøpt inn av det offentlege, også i kommunane, vere elbilar. I 2025 blir det berre bybusser utan utslepp. 

Venstre skal jobbe lokalt for at også kommunen vår stiller klimakrav. Når kommunen kjøper inn varer og tenester, har vi moglegheit til å krevje at det skal vere klimavennlig. Det skaper omstilling i lokalt næringsliv, fordi dei konkurrerer om å levere løysingane i framtida. Samtidig reduserer vi eigne utslepp. 

Med Venstre i regjering går dei norske klimagassutsleppa ned. Dei er dei lågaste på 27 år. No skal vi no klimamålet for 2030, og alle må bidra. Det gir store moglegheiter for å skape eit betre samfunn, med nye jobbar og reinare luft. 

Klimaplanen er eit historisk taktskifte i norsk klimapolitikk. Han må òg bli eit taktskifte i Karmøy. Det er sånn vi kuttar utslepp og skaper jobbane i framtida.

Debatt
Karmøynytt oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.