Den eldste brua som eksisterer i dag over bekken frå Brekkevatnet blir kalla Øvre Brekke bru. Den blei bygd på 1840-talet. Den har ei klassisk utforming med ein svakt gotisk boge over bekken. Foto: Karl Sjøen
Lokalhistorie:

Den gamle vegen på vestsida av Karmøy

I ei tid der det er ei frisk meiningsutveksling om vidare utbygging av hovudvegen på vestsida av Karmøy, kan det vera ein idé å sjå tilbake på korleis hovudvegen har utvikla seg over tid.


Den viktigaste samferdsla på våre kantar gjekk sjøvegen i gamle dagar. Fiske var ei hovudnæring, og varer og folk blei frakta sjøvegen både nordover og sørover. Men, folk tok seg òg fram langs tråkk og smale vegar. 

Me kan endå i dag fylgje den gamle kyrkjevegen frå Åkrehamn til Ferkingstad. Den gjekk langs Åkrasanden til Nedre Liknes og vidare sørover mot Ferkingstad. Langs denne vegen finn me fornminne som går heilt tilbake til bronsealderen. Denne vegen er i dag ein populær turveg, og er òg merka opp som ein kultursti. Den kan fylgjast vidare til Skudenes og Falnes  som «Prestavegen» gjennom utmarka. Frå gamalt av gjekk det òg ein kjerreveg lenger vest frå Ferkingstad via Langåker, Hemnes, Sandhåland og Sandve til Skudeneshavn. 

Den eldste kjende køyrevegen frå Kopervik til Åkrehamn gjekk i tidlegare tider i grove trekk over øvre Eide ned til ei bru som kryssa bekken frå Brekkevatnet, hundre meter sør for det som i dag er hovudvegen over øya, fylkesveg 547. 

Øvre Brekke bru blei bygd av Helge Monsen Dagsland frå Vestre Bokn. Han hadde bustad på Bokn til han var om lag 70 år, då han flytta til Veavågen der fem av borna hans hadde busett seg tidlegare. Dagsland var ein særs flink gråsteinsmurar. Fleire stein-gjerder står etter han i Bokn, og han mura elles både eldhus og grunnmurar til hus og løer. Dagsland budde meir enn 20 år på Vea, heilt fram til at han døydde 92 år gamal.

I dag kan me følgje spora etter vegen opp frå Øvre Brekke bru og vidare vestover over beitemarkene til den kryssar hovudvegen nord for Heiavatnet. Den gamle vegen gjekk vidare vestover via Trælhaug og Tveit til den til slutt kryssa ei bru til Åkrehamn over bekken frå Tjøsvollsvatnet.

På 1860-talet blei det i kommunestyra på Karmøy drøfta å byggja ein betre veg frå Haugesund til Skudeneshavn. Vegen blei planlagt og godkjent av innanriksdepartementet i Oslo, og i åra frå 1870 til 1877 blei vegen bygd ut i etappar. Den fyrste delen som blei bygd, gjekk frå Kopervik til Tjøsvollsvatnet. Traséen frå Kopervik til Brekke blei lagt om, og flytta lenger nord enn den gamle vegen. Denne nye vegen kryssa då  bekken frå Brekkevatnet ved Brekkosen. Her blei det bygd ei ny og større bru med to gotiske buar over bekkefaret. Denne brua blei sett opp i åra 1870 til 1871, og blir i dag kalla Nedre Brekke bru.
 
På dette bilete ser me Nedre Brekke bru. Den hadde opphaveleg eit rekkverk av stabbesteinar med ståltrådband ovanpå, men ho har i nyare tid fått eit rekkverk av jern. (Foto: Karl Sjøen) 

Nedre Brekke bru blei bygd av Ole Rasmus Snekkerlien frå Dovre. Han var ei tid vegoppsynsmann på Karmøy, og budde på Kvilhaug. Han reiste elles frå stad til stad etter kvart som vegnettet blei bygd ut, og han har truleg også bygd andre bruer andre stader i landet. 

Ein vegoppsynsmannhadde eit stort ansvarsområde på den tida. Han kontrollerte arbeidet med vegane, føretok oppmålingar og stakk og sette ut høgde og breidde på vegen som skulle byggast. Nedre Brekke bru har han signert med å hogge inn forbokstavane sine i ein stein i brua. Utanom Snekkerlien, veit me ikkje så mykje om andre som var med å byggja den nye køyrevegen.          

Begge dei to gamle bruene på Brekke er spesielle i det at dei har ein svakt gotisk bogeform. Dei er dei einaste bruene i Rogaland med denne bogeforma.
Frå Brekkosen gjekk denne «nye» vegen vestover via Revur og møtte dagens fylkesveg om lag der rundkøyringa på Veasletta ligg i dag. Denne vegstubben er framleis farbar, men er stengd for biltrafikk ved Revur.

Frå Veasletta følgde den «nye» vegen om lag den same traséen som fylkesvegen har i dag vestover til Åkrehamn og vidare sørover til Skudenes. Populært blei denne vegen kalla «Postvegen», og det namnet blir framleis nytta.

Etter kvart som arbeidet skrei fram, hogg vegarbeidarane inn i stein eit segl med krone og kongens initialar, saman med årstalet veglengda var ferdig. På den tida då arbeidet med vegen frå Haugesund til Skudeneshavn blei sett i gong, heitte kongen over Sverige-Norge Carl XV. Han døydde i 1872, og då tok kong Oscar II over trona. Dette skiftet i kongedømmet kan me sjå av dei merkene som er hogd inn i fjellet, der kongens initialar skiftar frå C til O frå 1872 til 1873. 


 
På desse to bileta ser me to av merkene som blei hogd inn i stein ved sida av vegen. Begge har initialen til kong Carl XV. Symbolet til venstre frå 1871 finn me ved Trælhaug på Sæveland, mens symbolet til høgre frå 1872 står i vegkanten på Haga. (Foto: Karl Sjøen)

   
På desse to neste bileta ser me to av merkene med årstala 1873 og 1874. Då hadde kong Oscar II teke over kongemakta, og begge merkene har namninitialen hans. Merket til venstre finn me på Stava, mens merket til høgre står i kanten til den gamle vegen ved Karmlund Mølle på Fiskå. (Foto: Karl Sjøen)   

Etter at den nye postvegen var ferdig, blei det mykje lettare å ferdast mellom tettstadane på Karmøy. På 1800-talet gjekk folk enten til fots, eller så køyrde dei med hest og kjerre. For vel hundre år sidan kom dei fyrste automobilane til Karmøy, og mobiliteten blei betra. Me fekk òg de første bussrutene på den tida. 

Sjølv om sjøtransport av varer og folk framleis var viktig på 1900-talet, overtok personbilar, lastebilar og bussar meir og meir av transporten etter som tida gjekk. I dag er det knapt noko av den lokale transporten av varer og folk som kjem sjøvegen. 

Vegen over Karmøy var gruslagd fram til på 1960-talet, og trong jamt vedlikehald med grusfylling av hol og skraping for å halda vegen jamn. Etter kvart fekk vegen fast asfaltdekke, vegbreidda blei auka, og fortau blei anlagt ved sida av. Nokre svingar har blitt retta ut, og ved Brekke har me fått ei ny bru mellom dei to gamle. Denne nye vegstrekninga over Brekke blei opna i 1964. Elles er det i hovudsak den gamle vegtraseen frå 1870-talet me framleis køyrer på og nyttar i det daglege. God tur!  

Kjelder
·      Svein Magne Olsen «Bruer og brubygging i Rogaland», Dreyer Bok, Stavanger, 1988.
·      «Kulturminneplan Karmøy kommune», Karmøy kommune, 2008.
·      Lars Svendsen «Kopervik som strandsted og ladested», forlag Ludvig Eriksen, Haugesund, 1966.

Publisert i Vestante nr.7, desember 2022

 

Har du en historisk sak fra Karmøy - ta kontakt med [email protected] om du har lyst å dele den med flere.

Les mer om:

lokalhistorie* vestante