Mange søppeldunkar har velta i vinden. Foto: August Haarr Rogde

Brannvesenet har rykka ut til fleire oppdrag på grunn av vind


ROGALAND: 110-sentralen i Rogaland melder 14.30 at brannmannskaper i heile distriktet er ute på fleire oppdrag knytta til vind.

Dei ber folk hugse å sikre lause gjenstandar som trampoliner, hagemøbler og liknande.

Yr.no viser at vindkasta kan komme opp i 26 meter i sekundet i Kopervik både onsdag og torsdag.

I ein sak i går uttalte statsmeterolog Rannveig Eikill at Karmøy vil bli skåna for den verste vinden. Om det skjer kan Karmøybuane glede seg over ein lengre periode med fint opphaldsvær.

– Det er kraftig austavind som vil prege værsituasjonen over dei neste dagane. Vindkasta bles over fjellet og slår ned fleire stader på Vestlandet. Det ser ut til at nedbøren, denne gongen vil halde seg aust for fjella, sa ho til Karmøynytt.