Bjørg Mannes, medlem i Bærum Høyre, tidlegare Karmøy Høyre. Foto: Privat
Leserinnlegg:

«Bråket» og «uroen» i Karmøy Høyre

Det heiter at det skal god rygg til å bera gode dagar. Dette gjeld sjølvsagt også i politikken.


Dette er et leserinnlegg. Innlegget gir utrykk for skribentens meninger og holdninger. Du kan sende inn leserinnlegg til oss i Karmøynytt her.

MENINGER: Dei av oss som ikkje blei født i går, har sett korleis det har gått med «ørnen» i norsk politikk, der det virka som mange i partiet såg det som nær ei naturlov at det partiet skulle vera styrande her i landet for all tid. Så blei dagane for gode, eller ryggene for veike, eller begge deler. Eller koss det nå kan ha vore. 

Som karmøybu i mitt hjerte, same kor eg bur (bur i Bærum, og medlem i Bærum Høyre) er eg sjølvsagt opptatt av dagens situasjon i Karmøy Høyre. Eg har høyrt og lest litt av kvart om min gamle kommuneforening dei seinare åra, nevnt tidlegare og også i denne teksten, om fæle  maktmenn og gubbeveld.

Etterkvart har media  gått over til å snakke om «bråket», «uroen» og allslags mirakkels. Og folk snapper om litt her og litt der, og kommenterer at nå må folk i Høyre sjå til å bli vaksne osv. Og media har som alltid sin eigen (eller andres ?) agenda.

Som om det ikkje skulle ha vore gale nok, så kom fylkesstyret, sjølvaste Rogaland Høyre, på banen, tungt lasta med sin status og raskt synlege arroganse. Ut frå språkbruken derifrå skulle ein tru at Karmøy Høyre er ein gjeng med folk på ein holme uti havgapet, som knapt nok kan lese og skrive, og som har krangla og bråka i mange år, altfor mange år, meiner fylkesstyret.

Nå var det altså blitt så gale der ute på holmen, meinte fylkesstyret, at foreningen måtte setjast under administrasjon. Av fylkessstyret. Og partiet på nasjonalt nivå, inne i Oslo, der det ypperste av vit og kunnskap sit, klappa Rogaland Høyre på ryggen.

Ska sei !

Her er det vist handlekraft ! Her har ein tatt tak ! Her har ryddegjengen frå fylkesstyret vore «flinke». 

Så ville ein jo tru  at eit så drastisk tiltak som det Rogaland Høyre har sett i verk, bygde på ein grundig og solid analyse av situasjonen.

Men der må ein visst tru om igjen.

At grupperingar finst i klubber og foreningar, må ein nesten anta at denne ryddegjengen er klar over. Når ryddegjengen så hadde sett seg fore å ordne opp i foreningen på holmen, har dei likevel tydeligvis oversett noko så sjølvsagt. Dei kjende visst bare til EIN gruppering, der ein person dei sjølv hadde eit langvarig og tett forhold til, hadde stor uformell makt i visse miljø, og i media.  

Tydeligvis tungt lasta med info frå den kanten, sette dei i gong.

Ei klok dame frå Rennesøy, som eg hadde glede av å treffe ofte i oppveksten, sa ein gong på sin ryfylke-dialekt, ifm eit tema som var litt ømtålig: «Nei det er jo ikkje te å snakka om, knapt te å nebna (nevna).» 

I tråd med dette skal det «nebnast», eller gjentas, at eg i mine 6 år (2012-2018) som medlem i Karmøy Høyre, lærte mykje, ikkje bare om politikk. Og ikkje minst fekk eg sjå mykje. Vel vitande om at maktkamp er ein del av livet både her og der, blei eg mange gonger både lei meg og frustrert av det eg såg og opplevde.

Eg såg bl.a. om maktkamp av uverdig slag, klikkdannelser, karrierejakting, og mykje meir. Ein hendelse eg hugser godt, og som sette spor i meg, var då den interne maktkampen blei nokså ekstrem, i etterkant av at Høyre tapte valget i 2015 og mista ordføraren på Karmøy. Det blei så ille at Rogaland Høyre blei tilkalt, og fylkessekretæren (som då heitte Harald Eide Ellingsen) kom over fjorden og gav oss bistand.

Det var ein stjerneoppvisning i politisk analyse og habilitet og i det heile tatt ryddighet. I dialog med heile gruppa fekk han sett både skap og andre møbler på plass! Det var ein annan stil enn det ein har sett nå i 2023.

Ting blei bedre etter dette, mykje bedre ei lang stund, men dynamikken rundt noen personar var sjølvsagt ikkje borte, og «gamle spøkelser» dukka opp igjen.

Etter det eg såg og opplevde i denne kommuneforeningen, har eg med stor forundring, og ikkje så lite frustrasjon, som nevnt tidlegare, registrert diverse tynt faktabaserte forteljingar om det indre liv i foreningen, forteljingar som handler om fæle menn, faktisk også gamle mørkemenn, som tar makta og som ikkje slepp kvinnlege partikolleger til.

Eg har aldri fått desse forteljingane til å stemme. Eg såg ikkje desse fæle maktsjuke mennene. Eg såg fleire dyktige menn som arbeidde hardt, på kvar sin måte, og som fekk til resultat. Og eg såg noen kvinner av samme kaliber, som ikkje lot seg hemme av verken menn eller kvinner, men som arbeidde seriøst med saker som var viktige for karmøybuen. Ikkje minst såg eg fine samarbeid mellom kvinner og menn i partiet.

Dei aktuelle folkevalgte av begge kjønn fekk då også til resultater som var viktige for karmøybuen, ikkje minst for liv og helse for alle aldersgrupper. Og eg såg noen som ikkje stilte seg i kø for arbeidskrevande oppgaver, men som jamt var på pletten i andre samanhenger, særleg ifm rampelys og prestisjefylte hendelser.

Men desse forteljingane om fæle menn og gubbevelde har sklidd inn både her og der, i pakt med alle triks frå den kommersielle reklamepsykologien: Gjenta budskapet, gjenta budskapet, gjenta budskapet, så vil folk kjøpe det såpemerket du vil selje. Og spe på med fine fargebilder, så sel du ennå meir. 

Forteljingane har også funne sin veg til media, som kanskje har vist like lite evne til edruelig analyse, som det fylkespartiet viser nå.

Sjølv meldte eg meg ut av Karmøy Høyre i 2018, sjølv om eg fremdeles budde i kommunen då. Eg meldte meg ut på tross av inspirerande, dyktige partivenner, men på grunn av eit dominerande kvinnemiljø som eg opplevde som direkte utriveleg. Eg beholdt likevel medlemskapet i Høyre nasjonalt, og eg er glad og takknemlig for lærdom og for gode vennskap som varer ennå. 

Det gjer meg svært lite stolt av mine medsystrer, at ein del av dei fremdeles ser ut til å halde på med dette SÅKALTE kvinneperspektivet, som ser ut til å gå ut på å få kvinner opp og fram ved å gjera menn mindre. 

I mitt kvinnehode (og eg veit ikkje bare mitt) er dette det motsatte av kvinnekamp. Og det gjer det  mange hakk verre når det blir krydra med «undergrunns-aktiviteter» som sms-ar, ymse slag telefon-henvendelser etc. -Me har nylig markert Den internasjonale kvinnedagen, ein viktig dag for begge kjønn. Den skjulte «kvinneaktiviteten» nevnt ovanfor, og som forhåpentligvis blir meir avslørt etter kvart, er noko som er så langt frå seriøs likestillingskamp som det er mulig å komme.

Eg trur at folk flest egentlig er klar over at langvarig uro, som noen kaller bråk, ikkje skjer utan grunn. Og det er ikkje alltid den grunnen som ein trur, ut fra eit hastig blikk i mediakvardagen, eller ein overfladisk «analyse».

Eg har alltid tenkt at Høyre er eit seriøst parti, der kunnskap og sindighet har hatt god plass. Der viktige handlingar har bygt på gode analyser. Der sentrale tilltsvalgte framstår som seriøse, og også lyttande. 

Dette stemte i 2015, for Rogaland Høyre sin del, men det stemmer tydeligvis ikkje i dag. I dag sit eg med inntrykk av at leiinga i Rogaland Høyre ikkje klarer (eller ynskjer ?) å sjå forbi reklamepsykologiske triks.

Eg veit at det frå miljøet i, og rundt, Karmøy Høyre, har vore gitt klare og godt utarbeidde tilbakemeldingar om den måten fylkespartiet har håndtert situasjonen på, og at dette har blitt møtt med liten interesse.

Noen medlemmer har kjent på så stor frustrasjon over leiinga i Rogaland Høyre, at dei nå har meldt seg ut av partiet. Dette er solide bidragsyterar i Høyre, og som har vore det over tid. Det er desse opplysningane som har fått meg til å skrive desse linjene.  

Sjølv håper eg, for karmøybuens del, at desse personane fortset sitt gode arbeid gjennom andre kanaler/parti. 

Og eg veit at dei er etterspurt.

Men for partiet Høyre er det snakk om tap av verdier.

For Rogaland Høyre sin del vil det kanskje ha noe for seg å tenkje litt over det med god rygg og gode dagar.

Kvar rygg har ei tålegrense mht vekt.

Vekta må derfor fordelast på flest mulig rygger.

Gode gallupar varer ikkje evig av seg sjølv, som me alle veit.

«Bessede» skjer det noe fornuftig, som at sentralt plasserte tililtsvalgte i Høyre innser alvoret i dette, mens dagane ennå er gode på gallupane.

Bjørg Mannes
medlem i Bærum Høyre, tidlegare Karmøy Høyre