Kjellaug Bjerkli Haarberg. Foto: Kristine Stray.

«10 gode grunnar til å røyste Raudt!»

Skrevet av Kjellaug Bjerkli Haarberg
08.09.2019 18:06

MENINGER: På måndag er det siste sjanse til å røyste i kommune- og fylkestingsvalet. På måndag skal det heile bli avgjort. Kven styrer kommunen dei neste fire åra? Kven får makt i fylket og korleis vil det påverke politikken i Karmøy kommune? Det blir spanande! 

Har du ikkje bestemt deg for kva du skal røyste endå? Da skal eg no i siste innspurt gje deg 10 gode grunnar til å røyste Raudt:

1. Raudt stiller med den yngste ordførarkandidaten i kommunen. 
2. Raudt jobbar mot Forskjells-Norge. Me har mange gode tiltak som skal få ned skilnadane i Karmøy!
3. Det er grønt å røyste Raudt! Raudt tar klimakrisa på alvor og vil jobba hardt for å innføra mange gode og grøne tiltak for å gjera kommunen! Karmøy skal bli naturens drøymekommune! 
4. Raudt ynskjer ei verdig eldreomsorg. Difor seier me nei til velferdsprofitørar og privatisering av velferda til våre foreldre og besteforeldre. Me er soleklare forkjemparar for at alle pengane som blir betalt i skatt skal gå tilbake til brukarane. Då kan me ikkje ha eigarar som tek ut skattekronene til privat rikdom. 
5. Me treng å tenkja nytt om skulepolitikk. Karmøy kommune har i mange år skåra lågt på undersøkingar om motivasjon i skulen. Me tenkjer det er på tide å testa ut nye tiltak som legg opp til meir fokus på læring kontra testing og måling.

(NB: Raudt blei det største partiet med 17.5 % i barnas val i Karmøy kommune!)

Når det gjeld Vea og Åkra skule er det gjort eit vedtak i kommunestyret om å byggja Vea først. Me helde oss til det og vil jobba for at det blir realisert, samtidig som me vil sjå etter alle moglegheitar for å få starta Åkra skule så fort som mogleg! 
6. Raudt ynskjer ei større satsing på kultur og idrett. Me støttar naturleg nok bygging av nytt kulturhus.  Me vil òg oppretta heile faste klubbleiarstillingar i kulturetaten med særleg ansvar for aktivitetar og møteplassar for ungdom. 
7. Me meiner lokalsamfunnet må inkludera alle, difor vil me ha fokus på universell utforming i alle nye utbyggingsprosjekt, i kommunale einingar og i utvikling av t.d. næringsområde og turområde i Karmøy.
Karmøy må satsa på førebygging av psykiske helseplager og sjølvmord. Difor vil me ha fleire helsesjukepleiarar inn i skulen, og lettare tilgang på psykologtenester for unge. 8. Me vil utfordra høgare styringsledd i staten og på HVL for å få meir fokus på undervisning i psykisk helse i lærarutdanninga. 
9. Eit seriøst og anstendig arbeidsliv. Raudt meiner norma i kommunen skal vera heile og faste stillingar. Difor vil me avvisa regjeringa sine endringar i arbeidsmiljølova, som fører til auka midlertidigheit. 
10. Me meiner kommunen har tydd til ekspropriasjon i alt for mange saker i den førre perioden. Med det kjem store konfliktar med innbyggjarar, men også store utgifter til advokatar og saksbehandling. Dette svekkar eigedomsretten og tilliten til kommunen blant innbyggjarane. Difor vil me ha mindre ekspropriasjon og heller sjå etter andre løysingar.
På vår facebook side «Rødt Haugaland» har me utdjupa litt meir, gå inn og les om du er nysgjerrig! Ta kontakt med oss der om du lurar på noko! 

Hugs: Bruk stemmeretten! 

Godt val!